FINNJobbSøkVestlandOsterøy
Osterøy kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Deltidsstilling i barnehage for studentar eller andre med barnehagefagleg kompetanse

Prosjekt stilling ∙ Lonevåg
  • Søknadsfrist 6.9.2026
  • Sektor Offentlig
  • Antall stillinger 2 stillinger

Kortversjonen

Bidra med din kompetanse inn i barnegruppene, ansvar for aktiviteter og opplegg knytt til kompetansen.

Kvalifikasjoner

  • Student eller med barnehagefagleg kompetanse
  • Gyldig politiattest

Hva vi tilbyr

  • Deltidsengasjement for barnehageåret 2026–2027
  • Fleksibilitet i omfang og arbeidsdagar
  • Bruk av eigen kompetanse
  • Offentleg tenestepensjon

Spennande barnehagestilling 20%

Om stillinga

Vi søker studenter eller andre med barnehagefagleg kompetanse som kan arbeide 20% gjennom barnehageåret. Vi ser for at du arbeider heile dagar og bidreg med din kompetanse inn i barnegruppene. Det kan vere musikk eller kreative fag, natur og friluftsliv, spesialpedagogikk eller andre fagområder.

Vi er spente på å høyre frå deg og kva du meiner du kan bidra med! Vi kan vere fleksible med tanke på dagar og tilpasse arbeidstida slik at det fungerer både for oss og for deg. 

Kommunen har fått ekstra tilskot fra staten for barnehageåret 2026-2027 til Toppa bemanning, dvs at stillinga ikkje skal vere ein del av grunnbemanninga. Av den grunn er stillingane tidsbegrensa engasjement til 30.06.2027, og vi håpar det er muleg å forlenge engasjementet om staten gir vidare tilskot. Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.


Arbeidsoppgåver
  • delta aktivt i barnehagekvardagen som ein ekstra ressurs
  • ansvar for aktivitetar, opplegg eller rettleiing knytt til kompetansen

Vi tilbyr
  • deltidsengasjement for barnehageåret 2026–2027
  • fleksibilitet i omfang og arbeidsdagar ut frå behov
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver som bidreg til god kvalitet i barnehagen
  • moglegheit til å bruke eiga kompetanse i møte med barn og tilsette
  • arbeidsplassen blir bestemt ut frå kva kompetanse du har og kva barnehagane kan ha behov for

Kvalifikasjonskrav
  • Du er positiv, løysningsfokusert og har lyst å bidra inn i ein aktiv barnehagekvardag.
  • Stillinga krev at De legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling, jf Barnehagelova §30.

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Om arbeidsgiveren

På Osterøy har vi fem kommunale barnehagar: Haus barnehage med om lag 60 barn, Hauge barnehage med 70 barn, Lonevåg barnehage med 100 barn og dei to minste barnehagane våre har om lag 30 barn, dvs Fotlandsvåg og Valestrand barnehage. Du kan lese meir om dei her: Barnehagane våre.

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
  • Stillingsfunksjon: Barnehageassistent, Barnehagelærer, Spesialpedagog

Firmaets beliggenhet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Kart
Søknadsfrist: 11 dager igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474466313
  • Sist endret: 25.8.2026, 09:22
  • Org.nr.: 974546531Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse