FINNJobbSøkVestlandBømlo
Seashore Sjø AS logo
Seashore Sjø AS
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Fagansvarleg eletrikar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bremnes
  • Søknadsfrist 06.09.2026
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Fagansvarleg elektrikar for elektrisk anlegg i Seashore Sjø (Oppdrett). Utvikle faget, etablere rutinar, sikre kvalitet.

Kvalifikasjoner

  • Godkjennast som fagleg ansvarleg etter FEK §7
  • Relevant bachelor-, master- eller fagskuleutdanning innan elektro
  • Minimum tre års relevant praksis
  • God kunnskap om relevante forskrifter, normer og standardar
  • Førarkort klasse B

Hva vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Firmahytter
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Fagansvarleg elektrikar med systemblikk

Me søkjer no etter ein elektrikar som skal ha det faglege ansvaret knytt til elektrisk anlegg i Seashore Sjø (Oppdrett).

Hos oss vil du gå inn som fagansvarleg i eit teknisk team med to andre elektrikarar. Du vil ha kontorplass på Bømlo, men må serve våre lokalitetar. Desse ligg i området rundt Bømlo, Hardanger og ned til Tau i Rogaland.

Arbeidsoppgåver

  • vidareutvikle elektrofaget i selskapet
  • etablere og forbetre rutinar og arbeidsprosessar
  • sikre høg kvalitet og etterleving av gjeldande regelverk
  • bidra til standardisering som gir tryggare og meir effektive arbeidsprosessar
  • vere fagleg sparringspartnar for kollegaer og leiarar
  • identifisere og gjennomføre forbetringstiltak innan kvalitet, sikkerheit og effektivitet
  • bidra til utvikling av framtidsretta teknologiske løysingar

Arbeidet vil i periodar krevje stor tilstadeværelse på selskapet sine sjølokalitetar.

Kvalifikasjonskrav

  • Må kunne godkjennast som fagleg ansvarleg etter FEK §7
  • Relevant bachelor-, master- eller fagskuleutdanning innan elektro, kombinert med relevant fagbrev
  • Minimum tre års relevant praksis etter fullført utdanning
  • God kunnskap om relevante forskrifter, normer og standardar innan elektrofaget
  • Førarkort klasse B

Ønskte kvalifikasjonar

  • Erfaring med fagleg leiing, kvalitetssikring eller kontroll av elektroarbeid
  • Erfaring med internkontrollsystem, vedlikehaldsstyring eller HMS-arbeid
  • Erfaring med utarbeiding av rutinar, prosedyrar og teknisk dokumentasjon
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem
  • Erfaring med kontinuerleg forbetringsarbeid og standardisering

Me trur du vil trivast hos oss dersom du

  • likar å skape struktur og gode system rundt deg
  • har høge krav til kvalitet og fagleg standard
  • trivst med å vere ein fagleg ressurs og støttespelar for kollegaene dine
  • kommuniserer godt og skaper tillit i samarbeidet med andre
  • ser moglegheiter for forbetring og tek initiativ når du finn dei

Me tilbyr

  • Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Ferdigheter
AI-generert

  • Detalj prosjektering/ engineering elektro
  • Elektroindustri (bransje)
  • Forskrifter om elsikkerhet
  • Kjennskap til lovverk og regelverk
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår.

Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
  • Sted: 5430 Bremnes
  • Bransje: Fiskeri og oppdrett
  • Stillingsfunksjon: Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

AG

Anders Grønås

Teknisk leiar sjø

Firmaets beliggenhet

5430 Bremnes

Kart
Søknadsfrist: 11 dager igjen

280 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerBli kjent med Bremnes Seashore AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474451913
  • Sist endret: 24.8.2026, 13:13
  • Org.nr.: 933852873Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse