Medarbeider
- Søknadsfrist Snarest
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Me vurderer å tilsetje ein ny medarbeidar til Bunadsbua
Har du sans for handverk, likar å jobbe med folk – og synest det er kjekt å skape noko med hendene? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Bunadsbua i Øystese er ein lokal bedrift som syr og sel Hardangerbunad, og som er stolte av å føre vidare eit tradisjonsrikt handverk. No vurderer me å tilsetje ein ny medarbeidar som kan bli ein del av gjengen vår.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsdagane hos oss er varierte, og kan mellom anna innehalde:
● Saum av damebunad og ulike bunadsdelar
● Produksjon og tilpassing av diverse tilbehøyr
● Kundebehandling og rettleiing
● Butikkarbeid og sal
● Andre oppgåver som høyrer til den daglege drifta av Bunadsbua
Me ser helst at du har erfaring med saum og gjerne bunad, men det viktigaste for oss er at du er lærevillig og har lyst til å lære. Den rette personen vil få nødvendig opplæring hos oss.
Kven er du?
Me ser etter deg som:
● Er positiv, blid og serviceinnstilt
● Likar å møte og hjelpe menneske
● Er nøyaktig og har sans for detaljar
● Kan arbeide sjølvstendig, men også trivst godt saman med andre
● Er påliteleg og ansvarsfull
● Har interesse for saum, handverk og tradisjonar
● Er lærevillig og ikkje redd for å ta i eit tak
● Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Du treng ikkje kunne alt frå før – me er meir opptekne av kven du er, og at du har lyst til å lære og utvikle deg saman med oss.
Me tilbyr
● Ein variert og kreativ arbeidskvardag
● Opplæring i bunadssaum og arbeidet hos oss
● Eit triveleg arbeidsmiljø i ein lokal bedrift
● Moglegheit til å arbeide med eit tradisjonsrikt handverk
● Stillingsprosent opp til 100 %, etter avtale
● Oppstart så snart som mogleg
Søknadsfrist: 20. september 2026.
Arbeidsstad: Bunadsbua, 2. etasje i Hardangersenteret, Øystese.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du tek kontakt! Me ønskjer oss ein ny kollega som kan vere med på å utvikle Bunadsbua vidare og ta vare på det gode handverket og den gode kundeservicen me er stolte av.
Søknad og CV sendast via Finn.no.
Me ser fram til å høyre frå deg! 🌿
Ferdigheter
- Tilpasning og sying av plagg
- Tradisjonelt håndverk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: Sjusetevegen 6, 5610 Øystese
- Bransje: Butikk og varehandel, Håndverkstjenester, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt, Håndverker, Kundeservice
Nøkkelord
bunad, saum, handverk, kundebehandling
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474423928
- Sist endret:
- Org.nr.: 996193128Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

