FINNJobbSøkVestlandSveio
Sveio kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Fagansvarleg regnskap og lønn

Fast stilling ∙ Sveio
  • Søknadsfrist 10.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Fagansvarleg for rekneskap og løn i Sveio kommune. Ansvar for kvalitet, kontroll og vidareutvikling av prosessar.

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon
  • God kjennskap til kommunal sektor
  • Relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon
  • God systemforståing og kompetanse i Excel
  • Erfaring med Visma Enterprise Plus

Hva vi tilbyr

  • Utfordrande og lærerikt arbeid
  • Fagmiljø i utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Fagansvarleg rekneskap og løn

Om stillinga

Vil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune?

Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar.

Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef.

 

Kvifor arbeide hos oss?

Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre.


Kvalifikasjonar

    Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande
  • god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk
  • relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon
  • god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

    

     Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med kommunerekneskap
  • erfaring med Visma Enterprise Plus
  • erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering

Arbeidsoppgåver

Du får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn
  • sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering
  • utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar
  • bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging
  • bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk
  • vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi
  • delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt
  • samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov

Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne
  • ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer
  • trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar
  • kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar
  • trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet

Vi tilbyr
  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle 
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om arbeidsgiveren

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.


Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.


Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

  • Sted: Sveiogata 70, 5550 Sveio
  • Stillingsfunksjon: Controller, Lønn, Økonomi og regnskap

Firmaets beliggenhet

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474110964
  • Sist endret: 24.8.2026, 08:06
  • Org.nr.: 974549360Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse