FINNJobbSøkMøre og RomsdalGiske
Oppvekst, Giske kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Lærar – 100 % fast stilling ved Valderøy barneskule frå 12.10.26

Fast stilling ∙ Valderøya
  • Søknadsfrist 6.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Lærarstilling ved Valderøy barneskule, 1.-7. trinn. Spesialpedagogikk, matematikk, norsk og engelsk er ønskelig.

Kvalifikasjoner

  • Fagleg og personleg tryggheit
  • Gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging
  • Vilje til tett og konstruktivt samarbeid
  • God digital kompetanse og erfaring med digitale verktøy
  • Nynorsk som administrasjons- og undervisningsmål

Lærar – 100 % fast stilling ved Valderøy barneskule frå 12.10.26

Valderøy barneskule har omlag 460 elevar, omlag 80 tilsette og 195 elevar på SFO. Skulen ligg sentralt på øya, med kort avstand til skog, fjell og fjøre som ein fin utvida læringsarena.

Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er «Det var bra eg kom» med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule. Valderøy barneskule sin visjon er «Med hjarte for læring» med fokus på vekst og varme. Dette ligg til grunn i arbeidet med å skape eit godt læringsmiljø som gir eleven moglegheit til læring og utvikling ut frå sitt potensiale.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Kompetansebehov:

  • Lærar 1.-7. trinn. Lærar 5.-10. vil òg bli vurdert.
  • Spesialpedagogikk, matematikk, norsk og engelsk.

Generelle krav til stillinga:

  • Det er krav om gyldig politiattest.
  • Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
  • I tillegg til formell utdanning og praksis legg vi vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer allmennlærar som har:

  • fagleg og personleg tryggheit
  • gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging
  • vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollega og føresette.
  • god digital kompetanse, og erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga.
  • interesse, evne og vilje til nytenking og utvikling i samarbeid med kollegiet.
  • god norsk kunnskap munnleg og skriftleg. Nynorsk.

    Vi tilbyr

    • Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange born.
    • Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollega.
    • Eit kollege som er opptatt av læring i ulike formar, der eleven skal vere aktiv i eiga læring.
    • Ein skule i fine lokalar, som ligg nært skog, fjell og fjøre.
    • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

    Kontaktinformasjon

    Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464

    Arbeidsstad

    Valderhaug 4

    6050 Valderøya

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Giske kommune


    Referansenr.: 5168977118

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 06.09.2026

    Om arbeidsgiveren

    Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna.  Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.

     


    • Sted: Valderhaug 4, 6050 Valderøya
    • Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Spesialpedagog

    Firmaets beliggenhet

    Valderhaug 4, 6050 Valderøya

    Kart
    Søknadsfrist: 11 dager igjen

    Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

    Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

    Nyttige lenker

    Se flere stillingerHjemmeside

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 474101149
    • Sist endret: 21.8.2026, 14:24
    • Org.nr.: 975284026Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse