FINNJobbSøkVestlandBjørnafjorden
Bilde fra arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune logo
Vestland fylkeskommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Avdelingsleiar for yrkessjåfør og transport- og logistikk

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Os
  • Søknadsfrist 06.09.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Lede og utvikle avdeling for yrkessjåfør, transport og logistikk ved Os vgs. Personalansvar for 11 ansatte.

Kvalifikasjoner

  • Høyere utdanning fra universitet eller høgskole
  • Pedagogisk kompetanse
  • Erfaring som leder
  • Kjennskap til transport- og logistikkbransjen
  • God digital kompetanse

Hva vi tilbyr

  • Utfordrende og meningsfull leiarstilling
  • Mulighet til å forme framtidas yrkesfaglege utdanning
  • Gode muligheter for faglig og personlig utvikling
  • Gode pensjonsordninger
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Avdelingsleiar for yrkessjåfør og transport- og logistikk

Har du ei sterk interesse for transport- og logistikkfaget og ønskjer å bidra til utviklinga av framtidas yrkesutdanning? Os vidaregåande skule søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar for utdanningsprogramma våre innan yrkessjåfør, transport og logistikk. Den som blir tilsett vil også bli ein del av skulen si leiargruppe, der vi saman utviklar skulen for framtida.

Som avdelingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for fagleg og administrativ leiing av avdelinga, inkludert personalansvar for 11 tilsette. Du får ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre strategiar som sikrar høg kvalitet i undervisinga, og som møter behova i arbeidslivet og gir elevane våre eit solid fagleg grunnlag. I tett samarbeid med eit kompetent og dedikert team av tilsette, får du moglegheita til å vidareutvikle avdelinga og forme framtidas yrkesutdanning på skulen vår.

Os vidaregåande skule har tilbod om både yrkesfag og studiespesialisering innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette, fordelt på to lokasjonar.

Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.

I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.
Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling.

Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at avdelinga følgjer gjeldande lovar, forskrifter og retningsliner
  • Leia og utvikla avdelinga mot skulen sine mål og verdigrunnlag
  • Sikre høg kvalitet i undervisinga og leggje til rette for fagleg og pedagogisk utvikling
  • Personalansvar for tilsette, inkludert rekruttering, oppfølging og kompetanseutvikling
  • Samarbeida med tilsette og deira organisasjonar
  • Bygge og vidareutvikla tett samarbeid med næringslivet for å sikre fagleg oppdatert innhald i undervisninga
  • Budsjettansvar og ressursstyring for avdelinga, inkludert timeplanlegging
  • Samarbeid med opplæringskontor og opptak til kurs
  • Ha oversikt over og sørge for god forvaltning av kjøyretøy og utstyr

Kvalifikasjonar

  • Krav om høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Ønskjeleg med erfaring som leiar
  • Ønskjeleg med utdanning innanfor faga transport, logistikk, pedagogikk* og/eller leiing
  • Ønskjeleg med erfaring frå undervisning, gjerne innan yrkesfaglege program
  • Det er ein fordel å ha god kjennskap til transport- og logistikkbransjen
  • Du må ha god digital kompetanse, helst med kjennskap til timeplanprogram

*Det er krav om pedagogisk kompetanse, kandidatar utan dette kan bli tilsett på vilkår om å ta slik utdanning

Personlege eigenskapar

  • Sterke leiareigenskapar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Evne til strategisk tenking og planlegging
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig med evne til å handle raskt når det trengst
  • Engasjert, inspirerande og glad i folk
  • Sterk relasjonsbyggar med evne til å skape tillit hos både elevar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Den som blir tilsett må ha høg arbeidskapasitet og få energi av ein variert arbeidsda

Personlege egenskaper vil bli vektlagt i tilsettinga

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit utviklingsorientert miljø
  • Moglegheit til å påverke og forme framtidas yrkesfaglege utdanning saman med gode kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, inkludert leiarutvikling
  • Ein trygg og stødig arbeidsgjevar
  • Gode pensjonsordninger og løn etter avtale

Ferdigheter
AI-generert

  • Administrere bilpark
  • Timeplanlegging (undervisning)
  • Transport
  • Transport og logistikk

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sted: 5210 Os
  • Bransje: Barn, skole og undervisning, Transport og logistikk
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Transport og sjåfør, Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Avdelingsleder, Skole, Transport

Spørsmål om stillingen

JK

Jan Kåre Greve

rektor

Firmaets beliggenhet

5210 Os

Kart
Søknadsfrist: 11 dager igjen

1588 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
Heimeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473632016
  • Sist endret: 17.8.2026, 12:12
  • Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse