Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Stranda

Kommunal fysioterapeut - 100% fast stilling

Helsetenesta, Stranda kommune

  • Søknadsfrist 27.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Kommunal fysioterapeut

Stranda kommune har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut frå 01.11.2026.

Fysioterapeuten er organisert under helsetenesta. Stranda kommune har 3 fysioterapeutar med driftstilskot i tillegg til den kommunale fysioterapeuten.
Den kommunale fysioterapeuten gir tilbod til brukarar i heile livsløpet.
Fysio- og ergoterapeuten i Stranda kommune er samlokalisert og har eit tett samarbeid. Kontorstad er både ved helsestasjonen og ved Stranda omsorgssenter.

Stranda kommune  har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.


Attestar og  vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.

Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og koordinering innan rehabilitering 
  • Funksjonsvurdering
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Koordinering av ansvarsgrupper
  • Førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen
  • Rettleiing av kollegaer, pasientar og pårørande
  • Planlegge og organisere eigen arbeidskvardag

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som fysioterapeut
  • Erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta
  • Erfaring innan rehabilitering og tverrfaglig samarbeid
  • Gjerne erfaring med arbeid med barn; både forebyggande og behandlande arbeid
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Gode tverrfaglege samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert
  • Strukturert, fleksibel og omgjengeleg
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Evne til omstilling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og variert arbeidskvardag, som du sjølv kan vere med på å utvikle og prege.
  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar
  • Nedbetaling av studielån om du bur i Stranda kommune.

Kontaktinformasjon

Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089

Arbeidsstad

Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune


Referansenr.: 5161603052

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.08.2026

Om arbeidsgiveren

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 


Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Øyna 13, 6200 Stranda
  • Stillingsfunksjon: Fysioterapeut, Helsepersonell

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Øyna 13, 6200 Stranda

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472264784
  • Sist endret: 7.8.2026, 08:14
  • Org.nr.: 974617854Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse