Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ålesund

Tilkallingsvikarar - Skole og SFO/AKS - Valle/Skodje/Ørskog

Grunnskolene i Ålesund, Ålesund kommune

  • Søknadsfrist 20.12.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Tilkallingsvikarar - Skole og SFO - Valle/Skodje/Ørskog

Vi har behov for dyktige fagarbeidarar i barne og undomsarbeidarfaget, i vikariat av ulikt omfang og varighet, både til barne- og ungdomsskolene, og til SFO i Ålesund. Assistenter kan også søke som tilkallingsvikarar. Ved spørsmål rundt stillingane må du ta kontakt direkte ved aktuell skule. Oppgi gjerne dersom det er ein spesiell skule du søker deg til.

 

Kandidater vil bli vurdert fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil i hovudtrekk vere:

  • Gi omsorg og vere ein trygg voksenperson.
  • Bidra i daglege aktivitetar og vere tilstades for barna i deira skolekvardag.
  • Bidra til at det enkelte barn opplever positiv oppfølging.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
  • Den som vert tilsett vil måtte framlegge tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker vikarar som er bevisste rolla si som voksen, med gode omsorgsevner og med fokus for det enkelte barn.
  • Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trives i ein aktiv kvardag, med både inne- og uteaktivitetar.

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i gode arbeidsmiljø.
  • Det er mulig å bli kjent med ulike skoler i Ålesund kommune.

Kontaktinformasjon

Mariann Husøy, Rådgiver, mariann.husoy@alesund.kommune.no

Tor Løvland, Rådgivar, tor.lovland@alesund.kommune.no

Arbeidssted

Keiser Wilhelms g. 11

6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ålesund kommune


Referansenr.: 5159808015

Stillingsprosent: 1%

Engasjement

Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. 


Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  

Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.

Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 

Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.


 
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund
  • Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Barnehageassistent, Omsorg og sosialt arbeid

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472236648
  • Sist endret: 6.8.2026, 10:53
  • Org.nr.: 929850629Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse