Bedriftssjukepleiar
Bedriftshelse1
- Søknadsfrist 30.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape trygge, inkluderande og helsefremjande arbeidsplassar? Vi har ledig fast stilling i 100% i Odda.
Bedriftshelse1 søkjer ein engasjert bedriftssjukepleiar som trivst med ansvar, kundekontakt og faglege utfordringar. Området er prega av spennande industriverksemder, entreprenørar og eit mangfaldig næringsliv, og du får ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet hos kundane våre. Vi ser etter deg som ønskjer ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, tett kundekontakt og moglegheit til å gjere ein forskjell for arbeidshelsa i regionen.
Moglegheit for områdeleiaransvar
For rett kandidat kan stillinga kombinerast med områdeleiaransvar. Rollen omfattar oppfølging av medarbeidarar, fagleg koordinering og bidrag til vidare utvikling av tenestene våre i området. Ansvar og omfang vil bli tilpassa kandidaten sin erfaring og interesse.
Dine hovudoppgåver vil vere
Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand
Psykososialt arbeidsmiljø
Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråværsarbeid og utviklingsarbeid
Kartlegging av arbeidsmiljø og arbeidsmiljøundersøkingar
Undervisning innan førstehjelp og anna opplæring på individ- og gruppenivå
Yrkesvaksinasjonar
Oppfølging og kontaktansvar mot kundar
Individuell tilrettelegging og rådgjeving
Rådgjeving og bistand innan HMS og internkontroll
Delta i tverrfaglege kundeteam og fagteam for bedriftssjukepleiarar
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Erfaring frå arbeidshelse, bedriftshelseteneste, psykisk helsearbeid eller anna relevant klinisk praksis er ein fordel
Vidareutdanning eller erfaring innan psykisk helse, arbeidshelse, HMS-rådgjeving eller anna relevant fagområde er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner
Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Gode digitale ferdigheiter
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Trivst med kundekontakt og relasjonsbygging
Er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle deg
Er fleksibel og trygg i møte med ulike menneske og verksemder
Likar å arbeide både sjølvstendig og i team
Er initiativrik, positiv og løysingsorientert
Vi tilbyr
Hos Bedriftshelse1 får du høg grad av fagleg autonomi, tillit og sjølvstende i arbeidet ditt. Vi er tett på kundane våre og har korte beslutningsvegar, noko som gir deg reell moglegheit til å påverke både eigen arbeidskvardag og løysingane vi leverer. Samtidig blir du ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med engasjerte kollegaer som deler kunnskap og støttar kvarandre.
Gode løns- og arbeidsvilkår
Fleksibel arbeidstid og høve til god balanse mellom jobb og fritid
Arbeidskvardag utan turnus-, natt- og helgearbeid
Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansepåfyll
Varierte arbeidsoppgåver og tett samarbeid med spennande verksemder innan industri og anna næringsliv
Moglegheit for områdeleiaransvar for rett kandidat
Arbeidsdagen inneber kundebesøk og noko reiseverksemd. Du må difor ha førarkort klasse B. Kontoret har firmabil, men den vil kunne vere i bruk av kollega. Du må difor kunne disponere eigen bil ved behov.
Spørsmål om stillinga
Regionleiar Ranveig Ure
Tlf. 41 56 90 74
Sjå også vår heimeside: www.bedriftshelse1.no
Søknad
Søknad med CV og referansar sendast til: post@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist: 30. august 2026
Ferdigheter
- Bedriftshelsetjeneste
- HMS kontroll
- Rådgivning
- Sykefravær (personaladminisstrasjon)
- Utføre helsetjenesteundersøkelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggjande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på over 55 medarbeidarar med brei erfaring og høg fagleg kompetanse. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.
- Sektor: Privat
- Sted: Eitrheimsvegen 52, 5750 Odda
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bedriftssjukepleiar, bedriftshelseteneste, hms, arbeidshelse, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472222038
- Sist endret:
- Org.nr.: 965195033Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

