Her er du

FINN/Jobb/Søk/Oslo/Sentrum

Driftsteknikar/elektrikar

Ll Det Norske Teatret

  • Søknadsfrist 30.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Er du ein erfaren teknikar som trivst med ansvar, tekniske utfordringar og eit kreativt arbeidsmiljø?

Ønskjer du å bruke kompetansen din i eitt av Noregs største teaterhus – midt i hjartet av Oslo? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Som teknikar ved Det Norske Teatret får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit unikt og skapande miljø. Du vil ha ansvar for teateret sine VVS-system og arbeide med drift, tilsyn og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar og teatertekniske system.

Du blir ein del av eit fagleg sterkt team som bidreg til at teateret sitt moderne bygg på 26 000 kvadratmeter fungerer optimalt – både framfor og bak scena.

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald av ventilasjonsanlegg

  • Feilsøking på elektriske system og reparasjon av maskiner og utstyr

  • Avdekke og rette opp avvik, til dømes mellom SD-anlegget og ventilasjonsanlegget

  • Drift av scenetekniske installasjonar

  • Prosjektarbeid, til dømes gjennomgang av trykkluftsystem eller optimalisering av energibruk

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan elektrofag, VVS teknikk/ fagskole

  • Relevant yrkespraksis kan kompensere for ein del formell utdanning, og vi oppfordrar deg som har erfaring innan VVS, automatikk eller serviceteknikk om å søke stillinga. 

  • Erfaring frå drift, vedlikehald og igangsetting av byggtekniske installasjonar 

  • Kompetanse i feilsøking i større styringssystem

  • Erfaring frå drift av større bygg eller lokale

  • God forståing av tekniske teikningar, skjema og byggeteikningar

Det er ein fordel om du også har erfaring med brannvarslingsanlegg og digitale verktøy. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er ansvarsmedviten, løysingsorientert og serviceinnstilt. Du arbeider systematisk, prioriterer godt under press og trivst med å løyse utfordringar i samarbeid med andre. Du er fleksibel og allsidig, og har eit ekte engasjement for faget.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit unikt og inspirerande arbeidsmiljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Gode ferieordningar

  • Tilgang til treningsrom og organiserte treningstilbod

  • Gode velferdsordningar

  • Eit kollegialt miljø med høg fagleg kompetanse og sterk lagånd

Arbeidstida er 35,5 timar per veke. Stillinga inngår i skiftordning, og kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppmodar kvalifiserte kandidatar som kan bidra til auka mangfald i organisasjonen vår, til å søkje.


Ferdigheter

  • Automatisering
  • Drift og tilsyn av eiendommens tekniske anlegg
  • Elektroniske systemer
  • Lese tekniske tegninger
  • Teknisk servicearbeid
  • Teknisk vedlikehold (bygg)
  • Ventilasjonssystemer

(1/4)

  • Bilde 1 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 4 i jobbannonse-galleriet

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. 

Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, VVS
  • Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Teknisk personell, VVS- og klimateknikk
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

tekniske installasjonar, elektrofag, drift, styringssystem, ventilasjonsanlegg

Ll Det Norske Teatret logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Nils Burchert
  • Stillingstittel: Fagavdelingsleiar for vedlikeholdsavdelinga
  • Mobil: 45 87 67 52
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Ll Det Norske Teatret
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Ll Det Norske Teatret

740 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472097124
  • Sist endret: 5.8.2026, 09:37
  • Org.nr.: 921196164Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse