Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Assisterande seksjonsleiar ved Nasjonalt brannskadesenter

Helse Bergen HF

  • Søknadsfrist 17.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Assisterande seksjonsleiar

Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig 100% fast stilling som assisterande seksjonsleiar. Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.

Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta og behandlar kvart år 150-200 pasienter frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har et tett samareid med andre yrkesgrupper.

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Vere vikar for seksjonsleiar
  • Ha delansvar for den daglege drifta
  • Turnus/bemanningsplanlegging
  • Vere delaktig i fag og utvikling
  • Arbeidsoppgåver i forhold til personalet; Personalportalen, GAT, permisjonar etc.
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Ønskeleg med jobb kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan intensivsjukepleie eller anestesisjukepleie er ønskeleg
  • Ønskeleg med leiarutdanning
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • Erfaring frå sjukehus
  • Evne til å motivere og ha fagleg engasjement
  • Gode datakunnskapar
  • Ønskeleg med kompetanse på GAT
  • Kunne arbeidstidsplanlegging/ressursstyring

Personlege eigenskapar

  • Arbeider målretta og strukturert med arbeidsoppgåver, med sterkt fagleg engasjement, og motiverast av faglege utfordringar og kontinuerleg utvikling
  • Handterer raske omstillingar og høgt arbeidstempo, og er løysingsorientert
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, med evne til å lytte, inkludere og involvere andre
  • Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i team
  • Sjølvstendig og trygg i krevjande situasjonar
  • Trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø, og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Høg arbeidsmoral og stor arbeidskapasitet
  • Har godt humør og pågangsmot i ein travel kvardag

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon
  • Spennande arbeidsstad
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi er ein IA bedrift


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • B2 norsk språkprøve
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Intensivsykepleie
  • Lage vaktlister

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Anestesi, Intensiv, Sykepleier
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

asssiterende seksjonsleder, Nasjonalt brannskadesenter, assisterande seksjonsleiar, seksjonsleder, Brannskaden

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Liv Hege Furnes Hilt
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 55 97 35 60
Send SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2757 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 471879472
    • Sist endret: 3.8.2026, 13:54
    • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse