Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver

Industrimekaniker

Nortura SA Førde

  • Søknadsfrist 31.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Likar du å finne gode løysingar og halde maskineriet i gang?

På Nortura sitt anlegg i Førde styrkjer vi no teknisk avdeling med ein ny industrimekanikar. Her blir du ein del av eit solid fagmiljø med brei kompetanse og lang erfaring, der vi saman jobbar for stabil drift og kontinuerleg forbetring av produksjonsanlegget.

Om teknisk avdeling

Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med brei kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du fagkompetanse innan mellom anna kjøleteknikk, automasjon, mekanisk vedlikehald, elektro, røyrarbeid og sveising.

Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald og reparasjon av produksjonsutstyr og mekaniske installasjonar

  • Feilsøking på maskiner og prosessutstyr

  • Utskifting og tilpassing av mekaniske komponentar

  • Bidra i ombyggingar, modifikasjonar og tekniske forbetringar

  • Tett samarbeid med produksjon og andre fagmiljø for å sikre stabil drift

Vi ser etter deg som har

  • Essensielle kvalifikasjoner:

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

  • Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner

  • Førarkort klasse B

  • Foretrukne kvalifikasjoner:

  • Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Erfaring frå industri er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Erfaring med bruk av PC og digitale verktøy i arbeidssamanheng

  • Interesse for å lære nytt og utvikle deg fagleg

Vi kan tilby

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

  • Svært gunstige pensjons- og forsikringsordningar

  • Kantine og treningsrom

  • Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta verksemd

Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs (e-læring).

Søknader blir vurderte fortløpande.

Ferdigheter
AI-generert

  • Anvende digitale verktøy
  • HMS kurs
  • Industrimekanikk
  • Mekanisk feilsøking /vedlikehold
  • Montering av mekaniske komponenter

(1/5)

  • Bilde 1 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 5 av 5 i jobbannonse-galleriet

Om arbeidsgiveren

Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 17.000 norske bønder over hele landet. I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse og bærekraft og er stolte over å bidra til at det blomstrer i norsk matproduksjon. Vi omsetter årlig for om lag 23 milliarder kroner og skaper store verdier for Norge.

Nortura Førde er ei moderne næringsmiddelbedrift med om lag 100 tilsette. Anlegget driv med slakting av storfe, gris og småfe, og er Nortura sitt største skjereanlegg for småfe. I tillegg har vi ei stor ullavdeling. Vi arbeider etter Lean-metodikk, der kontinuerleg forbetring står sentralt for å sikre god dyrevelferd, HMS og effektiv drift.
  • Sektor: Samvirke
  • Sted: Holtemyrane 6, 6800 Førde
  • Bransje: Matvareproduksjon og -industri
  • Stillingsfunksjon: Mekaniker, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk, Teknisk personell
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

produksjon, drift, vedlikehold, teknisk, kjøleteknikk

Nortura SA Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Erlend Lundekvam
  • Mobil: 47 64 91 95
Send SMS
  • Bli kjent med Nortura SA
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Nortura SA

1613 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Nortura SA logo

Nortura SA

Er du nysgjerrig?
  • Jobb i Nortura
  • Facebook
Nortura hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Holtemyrane 6, 6800 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 471870117
  • Sist endret: 3.8.2026, 13:16
  • Org.nr.: 938752648Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse