FINNJobbSøkRogalandHaugesund
Fristen er utløpt

Helsesekretær akuttmottak

Felles akuttmottak

  • Søknadsfrist 10.8.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Helsesekretær til akuttmottak

Vil du ha ein variert arbeidskvardag der du møter mange ulike menneske og bidreg til at pasientane får eit trygt og godt møte med sjukehuset?
Felles akuttmottak i Haugesund tek kvart år imot om lag 20 000 pasientar frå alle fagområde, inkludert barn. Som helsesekretær er du ofte blant dei første pasientar og pårørande møter. Du får ei viktig rolle i mottak, registrering og pasientflyt – i tett samarbeid med helsesekretærar, sjukepleiarar og legar.

Du blir ein del av eit triveleg og engasjert team med fem helsesekretærar, tre faste legar og rundt 70 sjukepleiarar. Arbeidsdagane er varierte, og tempoet kan vere høgt. Derfor legg vi stor vekt på trivsel, godt samarbeid og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.

Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter og arbeid kvar tredje helg. 

👉 Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då håpar vi du vil søkje!


Kva går jobben ut på?

  • Ta imot pasientar og pårørande i ekspedisjonen.
  • Svare på telefonar og andre førespurnader.
  • Registrere pasientar som kjem til akuttmottaket.
  • Bidra til god og effektiv pasientflyt.
  • Utføre merkantile oppgåver, mellom anna koding og sending av rekningar.
  • Ta blodprøvar etter nødvendig opplæring.
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper.
  • Bidra med andre administrative og praktiske oppgåver i avdelinga. 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du har autorisasjon som helsesekretær.
  • Du har grunnleggjande kunnskap om klinisk vurdering av pasientar.
  • Du kommuniserer tydeleg og godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med DIPS, Meona, Nimes, Imatis og Libra.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med blodprøvetaking, men du får nødvendig kurs og opplæring hos oss. 

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • møter pasientar og pårørande på ein trygg, vennleg og profesjonell måte
  • har blikk for når nokon treng hjelp, og handlar raskt når situasjonen krev det
  • held roen og arbeider strukturert i ein travel arbeidskvardag
  • kommuniserer og samarbeider godt med ulike faggrupper
  • kan arbeide sjølvstendig og samtidig trivst som ein del av eit team
  • tek ansvar og bidreg til å finne gode løysingar
  • trivst med endringar – hos oss utviklar vi oss heile tida 

Personlege eigenskapar blir vektlagde

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • ein variert arbeidskvardag i eit akuttmedisinsk miljø
  •  tett samarbeid med erfarne helsesekretærar, sjukepleiarar og legar
  • nødvendig opplæring i arbeidsoppgåver og system
  • eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og trivsel er viktig
  • moglegheit for fagleg og personleg utvikling 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627, trude.karoliussen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 5158019558

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2026

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 10.08.2026

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
  • Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Helsesekretær, Kontor og administrasjon

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 471370578
  • Sist endret: 30.7.2026, 10:33
  • Org.nr.: 974724774Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse