Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Kristiansund

Sekretær/helsesekretær

KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF

  • Søknadsfrist 14.8.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Sekretær/helsesekretær

Seksjon for kreftbehandling og palliasjon ved SNR søkjer ein dyktig og serviceinnstilt sekretær/helsesekretær som ønskjer å bidra til god pasientbehandling og eit trygt og inkluderande behandlingsmiljø. Vi har ledig eit 70 % vikariat i perioden 01.10.2026–30.09.2027.

Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere i Kristiansund, men det må reknast med arbeid ved SNR Hjelset éin til to dagar per veke. I samband med ferieavvikling, som vinterferie, haustferie, sommarferie og romjul, er vi samlokaliserte på SNR Hjelset.

Som sekretær/helsesekretær får du ei sentral rolle i det administrative arbeidet rundt pasientbehandlinga ved kreftpoliklinikkane på begge lokasjonane. Du vil få grundig opplæring i arbeidsoppgåver ved både Kristiansund og Hjelset, og vi ønskjer at du er fleksibel når det gjeld arbeidsstad ved fråvær og ferieavvikling.

Seksjonen har ein kultur prega av samarbeid, fleksibilitet og tillit. Vi legg til rette for fleksible arbeidstidsordningar og bruk av heimekontor når det er føremålstenleg.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og stort engasjement. Arbeidskvardagen kan vere travel, men du vil oppleve eit godt arbeidsfellesskap der medarbeidarane blir verdsette og tekne godt vare på.

Vi ser fram til å motta søknaden din – kanskje er det nettopp du som blir vår nye kollega i dette flotte teamet!


Arbeidsoppgåver

  • Yte god service gjennom profesjonell kommunikasjon, koordinering, formidling og andre merkantile oppgåver
  • Vere ein støttespelar og leggje til rette for pasientar, pårørande og behandlarar gjennom heile pasientforløpet
  • Delta aktivt i dei daglege oppgåvene i seksjonen, både i poliklinikk og sengepost
  • Handtere telefonførespurnader, post og ekspedisjonsfunksjonar på ein effektiv og serviceorientert måte
  • Bidra til oppfølging av ventelister, dokumentasjon, registrering og rapportering i tråd med gjeldande rutinar

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant erfaring som gjer deg godt rusta til arbeidsoppgåvene
  • Du meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Du har gode digitale ferdigheiter og er komfortabel med bruk av ulike datasystem
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen
  • Du har gjerne erfaring med prosedyrearbeid og bruk av kvalitetssystem, som til dømes EQS

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet
  • Du er engasjert, fleksibel og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør
  • Du trivst i ein variert og travel arbeidskvardag der tempoet til tider er høgt
  • Du er nysgjerrig, initiativrik og open for utvikling, forbetring og endring
  • Du har gode samarbeidsevner og arbeider godt på tvers av faggrupper for å sikre best mogleg pasientbehandling

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.  

Kontaktinformasjon

Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, ragnhild.bjerkas@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 5141577825

Stillingsprosent: 70%

Vikariat

Startdato: 01.10.2026

Sluttdato: 30.09.2027

Søknadsfrist: 14.08.2026

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
  • Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Kontor og administrasjon, Sekretær

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 470300468
  • Sist endret: 21.7.2026, 09:32
  • Org.nr.: 974746948Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse