Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Ergoterapeut med videreutdanning eller erfaring

Helse Bergen HF

  • Frist 09.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Ergoterapeut /Fagkonsulent med vidareutdanning eller erfaring

Spennande fagstilling for ergoterapeut i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)

Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.

HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing. Personar med utviklingshemming utgjer den største pasientgruppa. Fagfeltet er variert og grensar til fleire ulike spesialitetar. I pasientoppfølginga inngår det ofte samarbeid med kommunale instansar, pårørande og andre einingar i spesialisthelsetenesta.
Stillinga som ergoterapeut er særleg retta mot personar med følgetilstandar etter skadar eller sjukdom i nervesystemet, som til dømes cerebral parese. Problemstillingane er ofte komplekse, og det er gjerne nødvendig med tett samarbeid mellom fleire instansar som følgjer opp pasienten og dei pårørande/nærpersonar over tid, for å finne gode og varige løysingar.

Vi har eit eige tverrfagleg Team for motorikk og habilitering med ergoterapeut, fysioterapeut og overlege som arbeider tett saman. Det er primært i dette teamet ergoterapeuten vil ha sitt arbeid. Oppfølging av personar med utviklingshemming, autisme og andre følgetilstandar kan òg inngå i stillinga.

Vi søkjer etter ein ergoterapeut, helst med vidareutdanning. Personar utan vidareutdanning, men med relevant erfaring, er òg velkomne til å søkje. Vi ønskjer ein fagperson med erfaring frå og interesse for målgruppa. Opplæring vil bli gitt.

HAVO er sett saman av fleire yrkesgrupper: overlegar, psykologar, vernepleiarar, pedagogar, ergo- og fysioterapeutar, i tillegg til sekretærar. Arbeidsforma er i hovudsak poliklinisk for ergoterapeutar, men inneber i noko grad òg ambulant arbeid. Vi nyttar eigne tenestebilar.

Avdelinga er lokalisert i Olav Bjordals veg 29 på Breistein. Det er gode parkeringsmoglegheiter. Det er planlagt flytting til Nordås innan 2028 for samlokalisering med dei andre avdelingane i klinikken.


Vikariatet er ledig frå snarast eller nærare avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og rettleiing knytta til ulike motoriske vanskar - primært arm- og håndfunksjon
  • Gjennomføre håndmotoriske tester, gjere vurderingar og anbefale tiltak
  • Rettleiing til pasient og personal/nærpersonar i tiltak
  • Bidra i vidareutvikling av fagområde
  • Bidra til gode løysingar i komplekse pasientsaker, i samarbeid med fleire instansar
  • Kurs og undervisningsoppgåver internt og eksternt
  • Koordinere helsehjelpen saman med overlege og fysioterapeuter

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå klinisk arbeid med målgruppa: utviklingshemming, funksjonsnedsettelse, skader/sjukdommar i nervesystemet
  • Erfaring frå arbeid med komplekse problem
  • Relevant vidareutdanning
  • Kompetanse i aktivitetsanalyse, funksjon og vurdering av sammenheng mellom aktivitet, deltakelse, miljø og helse
  • Kompetanse på tiltak ved muskel-/skjelett og/eller nevrologiske utfall
  • Erfaring med rettleiing i direkte og indirekte tiltak
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Kunne arbeide målretta og sjølvstendig
  • Fagleg engasjement
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere ein god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande oppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid, internt og med andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Fagutvikling
  • Mentordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsavtale /dagtid
  • Gode parkeringsforhold

Gyldig politiattest må forevisas ved tilsetjing


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Ergoterapeutisk behandling av psykisk utviklingshemmede
  • Ergoterapi
  • Ergoterapi for personer med nedsatt motorisk funksjon

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Ergoterapeut
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

ergoterapeut, habilitering, ergoterapi, sykehus

  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Beate Kristin Lilleheil
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 95 19 76 26
Send SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2755 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 469066826
    • Sist endret 6.7.2026, 12:30
    Rapporter annonse