FINNJobbSøkMøre og RomsdalStranda
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Pedagogisk leiar

Ringstad og Helstad barnehage, Stranda kommune

  • Søknadsfrist 16.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Pedagogisk leiar

Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing.

Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde.

.

Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, for tida fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar.

Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass som blir mykje nytta, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement.

Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15.

Frå 01.10.26 (evt.tidlegare) har vi ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar

    Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

    Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

    Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.  

    Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.  


    Arbeidsoppgåver

    • Pedagogisk leiar har ansvar for dagleg drift på avdellinga og er fagleg leiar for si avdeling

    Kvalifikasjonar

    • Godkjend utdanning som barnehagelærar
    • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
    • Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner, være sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel
    • God til å kommunisere, rettleie og motivere
    • Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
    • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

    Vi tilbyr

    • Godt arbeidsmiljø 
    • Varierte arbeidsoppgåver
    • Lønn etter tariff

    Kontaktinformasjon

    Hilde Langlo Brekke, 46411844

    Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130

    Arbeidsstad

    Hevsdalsvegen 44

    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune


    Referansenr.: 5152300862

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 16.08.2026

    Om arbeidsgiveren

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 


    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
    .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    • Sted: Hevsdalsvegen 44, 6200 Stranda
    • Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder

    Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

    Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

    Firmaets beliggenhet

    Hevsdalsvegen 44, 6200 Stranda

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 468578658
    • Sist endret: 2.8.2026, 11:43
    • Org.nr.: 875297392Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse