Her er du

FINN/Jobb/Søk/Agder/Sirdal

Lærarstilling, 100% vikariat

Sirdal kommune

  • Frist 15.08.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Ledig vikariat ved Tonstad skule

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til elevane? Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande læringsmiljø og som vil vera med på å forme framtidas skule saman med oss.

Det er ledig eit 100% vikariat som lærar på Tonstad skule i perioden 01.10.26 31.07.27.

Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø.  Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik.

Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg.  Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.

Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen.  Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer lærar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift.  Fagsamansetjinga bør vera så brei som mogleg, helst med engelsk og norsk. 
Det er særleg behov for lærar med undervisingskompetanse på mellom- og ungdomstrinnet.

Vi ser gjerne at du har erfaring som kontaktlærar, med gode evner til å skapa trygge læringsmiljø.

Skulen ønskjer alle godkjente lærarar velkomne som søkjarar. Den som blir tilsett må dekka fagbehovet som skulen har.   Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson.  Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø.  Vi søkjer deg som er engasjert,  motivert og som viser evne til å tilpassa deg ulike elevar sine behov.  Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg.

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting.

For stillinga gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.

Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.

Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

 

Spørsmål om utlysinga kan rettast til:

rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,

Søknadsfrist:  15.august 2026

Ferdigheter
AI-generert

  • Norsk
  • Undervise i norsk

Om arbeidsgiveren

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal fin du eit trygt og godt oppvekstmiljø med mange kultur- og fritidstilbod.
Spesielt er høvene for friluftsliv unike både sommar og vinter. Kommunen har eit godt utbygd tjenestetilbod på alle områder, med bla. ny skule og full barnehagedekning.
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor

Nøkkelord

undervisning, lærer

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Petter Røssland
  • Mobil: 97 16 26 27
Send SMS
  • Flere stillinger fra Sirdal kommune

9 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Tonstadveien 28, 4440 Tonstad

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468567915
  • Sist endret 1.7.2026, 08:30
Rapporter annonse