Miljørettleiarar
Eid ungdomsskule, Stad kommune
- Frist 28.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Stad kommune har ledig to faste stillingar i 80 % som miljørettleiar frå 01.08.2026. Arbeidsstad er for tida på Eid ungdomsskule. Det kan bli aktuelt med 100 % stilling i samarbeid med andre einingar.
Eid ungdomsskule ligg på Nordfjordeid og har om lag 270 elevar og 44 tilsette. Elevane ved skulen kjem frå barneskulane Bryggja skule, Kjølsdalen Montessoriskule, Stårheim skule, Haugen skule, Nordfjordeid skule og Hjelle skule.
Arbeidsoppgåver
- Bygge trygge, stabile relasjonar til elevar som strevar sosialt og emosjonelt
- Planleggje og gjennomføre individuelle tiltak for åtferdsregulering og sosial utvikling
- Legge til rette for alternativ aktivitet på skulen og i lokalmiljøet
- Bidra til meistringsopplevingar som fremjar psykisk helse og robuste ungdomar
- Rettleiing og erfaringsutveksling gjennom team- og tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med pedagogar og tilsette i andre roller, føresette og andre samarbeidspartar (BTI)
- Miljørettleiing både individuelt og i grupper
- Ressurs for elevar og skulen
- Bidra til eit trygt og inkluderande skule- og læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning innanfor sosialfag og/eller psykisk helse. Aktuell utdanning kan til dømes vere sosionom eller barnevernspedagog
- Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og ungdom, og er framoverlent med god relasjonskompetanse
- Ønskjeleg med erfaring frå traumebevisst omsorg og evne til å jobbe målretta med endringsfokusert tilnærming
- Dersom ein ikkje får søkjarar med relevant 3- årig høgskuleutdanning, vil fagarbeidarar eller andre bli vurderte
Personlege eigenskapar
- Er sjølvstendig, strukturert og systematisk
- Evne til å vise omsorg, skape tryggleik og bygge gode relasjonar både til enkeltelevar, grupper og føresette
- Vere ein tydeleg, trygg og forutsigbar vaksen som kan stå støding i krevjande relasjonelle situasjonar
- Evne til å kunne sjå hemmande og fremjande faktorar i skule- og læringsmiljø
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til fagleg utvikling
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Peder Felde, Rektor Eid ungdomsskule, 970 32 761, peder.felde@stad.kommune.noArbeidsstad
Eid ungdomsskule6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5143538348
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467211118
- Sist endret
