Brukarstyrt personleg assistent søkjast til 18 år gamal jente
Samnanger kommune
- Frist snarest
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer
Om stillinga
Hei!
Eg er ei 18 år gamal jente som bur heime saman med mor og far. På grunn av alvorlig ME treng eg hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen, slik at både eg og familien min får ein meir føreseieleg og oversiktleg kvardag.
No ser eg etter ei eller fleire trygge, omsorgsfulle og pålitelege kvinner som kan vere personlege assistentar for meg. Arbeidet handlar i hovudsak om å hjelpe til med praktiske oppgåver i heimen og bidra til at kvardagen fungerer best mogleg.
Stilling og arbeidstid
Eg behøver person(ar) som kan vere assistenten min. Arbeidstida vil vere mellom kl. 09.30 og 23.30 på dagtid, ettermiddag, kveld og enkelte helger.
Eg søkjer både faste assistentar og tilkallingsvikarar. Stillingstorleik og turnus kan tilpassast den rette kandidaten.
Oppgi gjerne i søknaden kva arbeidstid og stillingsstorleik som kan passe for deg.
Eg håpar eg har vekka di interesse og at akkurat du sender inn din søknad. Eg ser fram til å bli bedre kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg og stabil støtteperson i kvardagen
- Bidra til struktur, føreseielegheit og meistring i daglege aktivitetar
- Gi praktisk støtte knytt til måltid, enkle oppgåver i heimen og andre gjeremål etter behov
- Bidra til sosial deltaking og ein meiningsfull kvardag ut frå brukaren sine ønskje og dagsform
- Medverke til ein roleg, trygg og positiv kvardag
Kvalifikasjonar
Krav
- Kvinne over 18 år
- Førarkort klasse B
- Beherskar norsk munnleg og skriftleg
- Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Ønskjer
- Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Personlege eigenskapar
Eg ser etter deg som:
- Har godt humør og bidreg med positiv energi
- Er roleg, tålmodig og omsorgsfull
- Er ansvarsbevisst og påliteleg
- Kan arbeide sjølvstendig
- Har respekt for at dagsform og behov kan variere
- Personleg eignaheit og god kjemi vil bli tillagt stor vekt
Me tilbyr
- Ei meiningsfull og viktig rolle i kvardagen til ein ung person og hennar familie
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø
- God opplæring og oppfølging
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Rettleiing og oppfølging
- Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande
Arbeidstilhøve
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
På grunn av arbeidsoppgåvene, som omfattar bistand ved personleg hygiene og andre private situasjonar, søkjer vi kvinner til stillinga. Kravet er grunngjeve i omsynet til brukaren sin personlege integritet.
Som tilsett i Samnanger kommune vert du meldt inn i KLP si pensjonsordning, som omfattar alderspensjon, AFP, uførepensjon og forsikringsordningar.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på 6 månader.
Søknad må sendast elektronisk via JobbNorge.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Tyssevegen 217, 5650 Tysse
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Personlig assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467198602
- Sist endret
