Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad

Pleiemedarbeidar 14,1 % helgestilling Heimetenester Rosendal

Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal

  • Frist 8.7.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vi har ledig helgestilling i Heimetenester Rosendal.

Stillinga er på 14,1 % med oppstart frå 01.09.26 eller etter avtale.

 

Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.

Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.

Stillingen er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Hos oss får du:

  • Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling

  • Variert og meiningsfull arbeidskvardag

  • Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging

  • Moglegheit for langvakter for deg som ønskjer det

Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!

 Arbeidsoppgåver:

  • Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
  • Heilskapleg omsorg og pleie.
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
  • Dokumentasjon av tenesta vi yt.
  • Stell og tilsyn 
  • Faste tilsyn hjå heimebuande brukarar
  • Medverka ved utrykkingar og handtering av alarmar, inkludert tryggleiksalarmar

 Kvalifikasjonar:

  • Er trygg og sjølvstendig i faget.
  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
  • Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
  • Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
  • Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
  • God IT kunnskap.
  • Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetting blir det lagt vekt på relevant arbeidserfaring og personlige egenskaper, men nødvendig opplæring vil bli gitt.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

 

 Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

 Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Det er elektronisk søknad:

Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.

Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Nesvegen 51, 5470 Rosendal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467189715
  • Sist endret 16.6.2026, 12:16
Rapporter annonse