Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad

Er du sjukepleiaren som vil gjere ein forskjell i akuttpsykiatrien?

Akuttpsykiatrisk post Valen, Valen Sjukehus

  • Frist 5.7.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Då kan du vere med å gjere ein forskjell når det betyr som mest.

Hos Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.

Her får du moglegheita til å utvikle deg, lære nytt og bli ein del av eit inkluderande team som alltid set pasienten først.

👉 Søk no og bli med på laget vårt!


Kva går jobben ut på?

  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar.
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
  • Utforme behandlingsplanar.
  • Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".
  • Rettleingsansvar for studentar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient.
  • Taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning.
  • Trivst i eit aktivt og travelt miljø.
  • Er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg.
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig.
  • Etterspør rettleiing.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke".
  • God opplæring, internundervisning og rettleiing.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Kontaktinformasjon

Merete Gravdal, Funksjonsleiar, merete.gravdal@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 5146539754

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 17.08.2026

Sluttdato: 30.05.2027

Søknadsfrist: 05.07.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467188360
  • Sist endret 16.6.2026, 12:00
Rapporter annonse