Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bjørnafjorden

Vikar i engelsk

OPK-FU - Avd. Fellesfag, Vestland fylkeskommune

  • Frist 24.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat
Fusa vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse og oppvekst, teknologi og industrifag, naturbruk, restaurant og matfag og påbygg for vaksne-nettskule. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTA/HTH. Skulen har omlag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no/ 

Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møte eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Arbeidsoppgåver

Skulen har behov for omlag 60 % vikar i undervisningsstilling i hovudsak innan engelsk, men fleirfaglegheit kan vera eit førmon . Stillinga er ledig frå 1.august 2026.
Planlegging av undervisning — utvikle årsplanar, periodeplanar og undervisningsopplegg i tråd med læreplanverket LK20.
Gjennomføring av undervisning — leie læringsarbeidet i klasserom, verkstad eller andre relevante læringsarenaer.

Tilpassing av opplæring — differensiere undervisninga og støtte elevar med ulike faglege føresetnader.

Vurdering av elevar — gi undervegsvurdering, framovermeldingar og fastsetje standpunktkarakterar etter forskrift.

Klasseleiing i undervisningssituasjonar — skape struktur, ro og eit læringsfremjande miljø i timane.

Fagleg samarbeid — delta i fagteam, profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen.

Rettleiing av elevar i faget — støtte elevar i fagleg utvikling og arbeidsmetodar innanfor faget.

Samarbeid med kollegaer og leiing — bidra til god informasjonsflyt og koordinering i fagseksjonen.

Deltaking i kompetanseheving — halde seg fagleg og pedagogisk oppdatert.

Kvalifikasjonar

Du ha formell pedagogisk utdanning og tilstrekkeleg fagleg fordjupning i faga du skal undervise i (minst 60 studiepoeng), jf. opplæringsforskrifta §12-7.

Det er ynskjeleg med undervisningserfaring.

Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald

Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning og varierte vurderingsformer

Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er og sjølvstendig i eige arbeid

Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven

Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og andre

Du er ein trygg og tydeleg vaksen i samspel med ungdom, er oppteken av relasjoner og elevens mestring, motivasjon og læring

Du har eit stort engasjement for faget ditt og ønskjer å dele dette

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting

Du som skal tilsetjast i den vidaregåande skulen må leggje fram godkjent politiattest.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Inkluderande og respektfull arbeidskultur, der det er plass til høg fagleg ambisjon og kvardagsleg humor
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

 

Kontaktinformasjon

Gunnar Ljones Dolve, avdelingsleiar, 91615814

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 5143623607

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 01.08.2026

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 24.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Leiro 43, 5640 Eikelandsosen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467105060
  • Sist endret 15.6.2026, 16:12
Rapporter annonse