Miljøarbeidar / aktivitør / helsefagleg kompetanse
Helse- og omsorgsetaten, Eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering - korttid
- Frist 30.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 80 % fast stilling ved dagsenter for eldre.
Ynskjer du heiltidsstilling, kan denne kombinerast med ein 20 % fast helgestilling i sjukeheimsavdeling eller omsorgsbustad på Alvehaugen.
Vil du vere med å utvikle framtidas dagsentertilbod og skape meiningsfulle dagar for eldre med demens eller andre behov?
Vi ser etter ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil bidra til å skape gode opplevingar, tryggleik og sosialt fellesskap for brukarane våre gjennom tilrettelagde aktivitetar og individuell oppfølging.
Arbeidsoppgåver
- planlegge og gjennomføre aktivitetar tilpassa brukarane sine interesser, funksjonsnivå og behov
- medverke til eit trygt, inkluderande og stimulerande miljø
- motivere til sosial deltaking og meistring
- samarbeide med pårørande, kollegaer og andre fagpersonar
- sørge for dokumentasjon og oppfølging i samsvar med gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
- erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
- relevant helse -og sosialfagleg utdanning
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å arbeide godt i team
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ønska kvalifikasjonar:
- utdanning eller erfaring innan musikkterapi
- kunnskap om personsentrert omsorg og tilrettelegging av aktivitetar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er fleksibel, utadvend og kreativ, og som trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team. Du har evne til å sjå mogelegheiter i ein variert kvardag, og møter både kollegaer og brukarar med engasjement og positivitet.
Vi tilbyr
Gode arbeidsvilkår og lønn etter tariffKontaktinformasjon
Gunn Sætre, Einingsleiar 3, +47 98230617Sandra Slettebakk, Avdelingsleiar, +47 94786573
Arbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 5144497448
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466777210
- Sist endret
