Sjukepleiar/vernepleiar
NPS Rus, Helse Førde
- Frist 21.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Seksjon rus ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig fast 30% stilling for sjukepleiar eller vernepleiar.
Seksjonen tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til personar over 18 år med ulike rusproblem. Vi har 10 døgnplassar og foretaksdekkande sjukehusfunksjon innan fagområdet i Helse Førde.
Personalgruppa er tverrfagleg samansett og inkluderar mellom anna erfaringskonsulent, psykologspesialist, klinisk sosionom, overlegar, helsesportpedagog, fysioterapeut, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Pasientbehandling i døgnpost:
- Miljøterapi
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg teamarbeid
- Pårørandeinvolvering og støtte
- Samarbeid og samhandling med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar
- Deltaking i samarbeid om tenesteutvikling med pasientar
- Deltaking i behandlingstilbodet fysisk aktivitet
- Tredelt turnus inkludert arbeid på natt
- Arbeid kvar 4. helg med vakter på 12,25 timar, mogleg med langvakter også i vekene
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Interesse for fagfeltet, erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Relevant arbeidserfaring
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Evne til å skape gode relasjonar
- God rolleforståing
- Evne til å arbeide målretta over tid
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team og har ønskje om fagleg utvikling
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde
Vi tilbyr
- God opplæring
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver, fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Godt og triveleg arbeidsmiljø
- Arbeid kvar 4. helg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, +47 57864342/57864330Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5145131517
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 21.07.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466770479
- Sist endret
