Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bjørnafjorden

Seksjonsleiar sengepost 

Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF

  • Frist 21.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere med å utvikle framtidas pasientforløp innan elektiv ortopedi?
 
Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er ein del av Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus. Vi er eit spesialsjukehus innan elektiv ortopedisk kirurgi, og tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste – frå utgreiing til behandling, pleie, mobilisering og oppfølging. Vi har særleg kompetanse innan ryggkirurgi og avansert protesekirurgi, og gjennomfører årleg om lag 2000 operasjonar og 10–11 000 polikliniske konsultasjonar.

Ved Kysthospitalet arbeider om lag 200 tilsette i eit kompetent og tverrfagleg miljø med sterke tradisjonar for fag, forsking og utdanning.
Vi søkjer no ein utviklingsorientert seksjonsleiar til sengeposten.
 
Om stillinga
Sengeposten har ca. 30 tilsette – sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar - og totalt 22 senger. Det er drift 6 dagar i veka med stengt sjukehus frå laurdag ettermiddag til måndag morgon kl 07. Sengeposten ved Kysthospitalet behandlar i hovudsak pasientar innan hofte- og kneprotesekirurgi og ryggkirurgi. Verksemda er prega av korte liggetider, standardiserte forløp og høg aktivitet. Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle pasientforløpa, sikre god ressursutnytting og drive systematisk forbetringsarbeid i eit miljø med høg fagleg kompetanse.

Stillinga inngår i leiargruppa ved Kysthospitalet, og du vil samarbeide tett med fagmiljø i eigen seksjon, andre einingar og klinikken elles.


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift, fag og personal i sengeposten
  • Drive utviklings- og forbetringsarbeid, med særleg vekt på pasientforløp og effektiv ressursbruk
  • Leggje til rette for gode, samanhengande og standardiserte pasientforløp
  • Sikre god bemanning og optimal utnytting av kapasitet
  • Bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring i pasientbehandlinga
  • Personalansvar med oppfølging, utvikling og involvering av medarbeidarar
  • Ansvar for økonomi, budsjett og resultatoppfølging i seksjonen
  • Fremje godt samarbeid på tvers av fagmiljø og einingar                     

Kvalifikasjonar

Må-ha krav:

  • Relevant helsefagleg utdanning (sjukepleiar eller tilsvarande)
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • God forståing for drift, organisasjon og økonomi
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønska kvalifikasjonar:

  • Leiarerfaring med personalansvar
  • Leiarutdanning eller dokumentert leiarutvikling
  • Erfaring frå sengepost eller kirurgisk verksemd
  • Erfaring med forbetringsarbeid og utvikling av pasientforløp
  • Erfaring med bemanningsplanlegging og ressursstyring

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er ein tydeleg og trygg leiar som skapar retning og framdrift
  • Har eit sterkt engasjement for utvikling og forbetring
  • Evnar å kombinere dagleg drift med langsiktig utviklingsarbeid
  • Har god gjennomføringsevne og struktur
  • Er relasjonssterk og bygg gode samarbeid på tvers
  • Motiverer medarbeidarar og legg til rette for involvering og utvikling

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling i eit spesialisert fagmiljø med høg kompetanse
  • Gode moglegheiter til å påverke utvikling av pasientforløp og drift
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Leiarstøtte og utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter avtale


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Indrekvam, Avdelingssjef, 56565800

Arbeidsstad

Hagaviksbakken

5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 5144675096

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Hagaviksbakken, 5217 Hagavik

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466770107
  • Sist endret 12.6.2026, 13:55
Rapporter annonse