Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stad

Einingsleiar for Meistring og psykisk helse

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

  • Frist 28.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere med og forme framtidas tenester innan meistring og psykisk helse? DÅ kan dette vere stillinga for deg!

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for den nyoppretta eininga Meistring og psykisk helse. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.
Bakgrunnen for stillinga er ei vidareutvikling av tenestene innan helse og omsorg.

Frå august 2026 blir dagens Bu- og miljøteneste delt i to einingar: Meistring og psykisk helse og Miljøtenesta. Vi søkjer no ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å vere med på å byggje opp og vidareutvikle den nye eininga. Leiar skal, saman med leiarteamet og dei tilsette, leggje til rette for heilskaplege og koordinerte tenester gjennom god samhandling med brukarar, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre kommunale tenester. Eit nært samarbeid med Miljøtenesta vil vere særleg viktig. Som einingsleiar får du det overordna faglege, administrative og strategiske ansvaret for ei teneste med om lag 62 årsverk og 80 tilsette.

Eininga omfattar pr i dag følgjande avdelingar:

  • Myroldhaug psykisk helse og rus
  • Barneavlastning og barnebustad
  • Psykisk helseteam og uteteam

Psykisk helseteam og uteteam har òg ansvar for samarbeidet med Helse Førde gjennom FACT Ung og FACT Vaksen, samt oppfølging av tiltak som kommunen kjøper frå eksterne samarbeidspartnarar.

Leiarteamet består av einingsleiar og tre avdelingsleiarar. Avdelingsleiarane har det daglege personalansvaret for sine medarbeidarar, medan einingsleiar har det overordna ansvaret for drift, utvikling, økonomi og måloppnåing i eininga. Oppmøtestad er Nordfjordeid, men stillinga krev tilgjenge og nærvær på tvers av kommunen sine tenestestader. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef helse og omsorg og er ein del av sektoren sitt samla leiarteam.

Stad kommune ønskjer å skape tenester som gir tryggleik, meistring og livskvalitet. Vi satsar på kompetente medarbeidarar, fagutvikling og innovasjon, og søkjer ein leiar som vil vere med på å utvikle framtidas tenester innan psykisk helse og meistring.


Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Leie og vidareutvikle eininga i tråd med kommunen sine mål og strategiar
  • Ha overordna ansvar for økonomi, drift, kvalitet, HMS og personalforvaltning

  • Sikre gode, framtidsretta og fagleg forsvarlege tenester

  • Leie utviklings-, forbetrings- og endringsarbeid

  • Utvikle ein lærande organisasjon med eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse

  • Sikre god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar

  • Arbeide strategisk med rekruttering, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • Vidareutdanning i psykisk helse og rus
  • Erfaring frå psykisk helse, rus, habilitering eller tilsvarande tenesteområde
  • Erfaring som leiar
  • Leiarutdanning er ønskjeleg. For den rette kandidaten vil arbeidsgjevar leggje til rette for leiarutdanning dersom søkjaren ikkje allereie har dette.
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing 
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk 
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap 
  • Har gode strategiske og analytiske evner
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi søkjer deg som

  • Er ein tydeleg og trygg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter
  • Har evne til å motivere, involvere og skape retning i endringsprosessar
  • Er strategisk og utviklingsorientert, samtidig som du har gjennomføringsevne
  • Har god forståing for samhandling på tvers av fagområde og organisasjonar
  • Er oppteken av kvalitet, fagutvikling og gode tenester for innbyggjarane
  • Skapar tillit og gode samarbeidsrelasjonar med brukarar, pårørande, medarbeidarar og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling med stor påverknad på utviklinga av framtidas tenester innan psykisk helse, rus og meistring
  • Moglegheit til å byggje opp og vidareutvikle ei ny eining i Stad kommune
  • Deltaking i eit utviklande og innovativt leiarteam
  • Eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale
  • Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid.

 Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Barbro Longva.

Kontaktinformasjon

Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 5135798246

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466674637
  • Sist endret 12.6.2026, 08:22
Rapporter annonse