Matros Gjermundshamn - Varaldsøy-Årsnes
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 25.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsstaden vil p.t. være på trekantsambandet Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes, p.t. om bord i MF Lærdal, bygd i 1997 og oppgradert til hybridferje med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet.
På dette sambandet jobbar ein 12‑timars vakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av to veker fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Fjord1 tilbyr ein einebustad for mannskapet på kaien, berre få steg frå arbeidsplassen.
Ønskjeleg med snarleg oppstart. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 12 timers vakt, 1 veke dag og ei veke natt. 2 veker på jobb og 2 veker fri.
- Rederiet tilbyr bustad på kaien i arbeidsperioden.
- Gjennom velferden kan ein søke om å få refusjon for treningsutgifter.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
5635 Hatlestrand
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5142789841
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466646224
- Sist endret
