Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad

Fast helg - Nattevakt Husnes/Halsnøy

Kvinnherad kommune Husnestunet

  • Frist 21.6.2026

Fast helg -  Nattevakt Husnes/Halsnøy

 

Omtale av stillinga

Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Nattevaktene har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.

Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg.

Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.

Vi søkjer:

Vi har ledig helgestillinger, og i tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja.

Kvalifikasjonar:

• Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.

• Påliteleg

• God munnleg og skriftleg norskkunnskap

• God IT kunnskap

Personlege eigenskapar:

• Nysgjerrig og vilje til å læra

• Ikkje redd for å arbeide aleine

• Omsorgsperson

Vi tilbyr:

• Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning.

• Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

• Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

• Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

• Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.

• Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

 

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466639717
  • Sist endret 11.6.2026, 15:18
Rapporter annonse