Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord

Førde legesenter søker etter ny medarbeiadar

Sunnfjord kommune Legetenesta

  • Frist 21.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Sunnfjord legeteneste har legesenter i Førde, Naustdal, og på Sande og Skei. Alle legesentera har knytt til seg helsesekretærar og sjukepleiarar

Arbeidet ved legesentera er varierte og utfordrande. Dei aller fleste oppgåvene vert rullert mellom dei ulike medarbeidarane.

Vi har ledig følgande stilling ved Førde legesenter:
  •  100 % vikariat som helsesekretær. Vikariatet varer til medio August 2027. Oppgåvene er varierte og vil omfatte ekspedisjon, laboratorium og behandlingsrom.
Krav til søkar:
  • utdanning som helsesekretær/helsefagarbeidar eller sjukepleiar
Kven søker vi etter?

Vi ønsker deg som toler ein variert kvardag, der du må snu deg rundt og hjelpe til slik at arbeidsoppgåvene ved legesenteret vert utført. Som del av kollegiet ved legesentreret er vi avhengig av at du samarbeider og deler kunnskap og erfaring.

Sjølv om jobben krev fleksibilitet, forventar vi likevel at pasienttryggleiken vert tatt i vare ved nøyaktig arbeid og høg fagleg kvalitet.

Kva kan vi tilby?

Du får ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer. Vi har god pensjons- og forsikringsordning. 

 

Politiattest av nyare dato må leverast før tilsetting. Du søker elektronisk. 

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

6800 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466553894
  • Sist endret 10.6.2026, 12:36
Rapporter annonse