Sjukepleiar/Vernepleiar
Vaksdal kommune
- Frist 22.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Eining helse og meistring har no ledig ei fast stilling i 100 prosent som sjukepleiar, for tida ved Jamnetunet bu- og behandlingssenter avdeling Vaksdal sjukeheim for personar med demens.
Vaksdal sjukeheim har 30 langtidsplassar, fordelte på to etasjar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, heilskaplege tenester og kontinuerleg utvikling.
Som sjukepleiar/vernepleiar i kommunehelsetenesta møter du pasientar med samansette behov. Dette gir ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi legg stor vekt på kompetanseheving, og internundervisning er ein fast og viktig del av arbeidet vårt. Vi ønskjer å leggje til rette for at alle tilsette skal få utvikle seg fagleg. Er du sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeide, trur vi du vil trivast hjå oss.
Vi kan òg tilby langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta, sjukepleiarfagleg arbeid knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak.
- Dokumentasjon iht. lovverk og interne rutinar
- Følge opp tiltak og planar
- Legemiddelhandsaming
- Primæroppgåver, kommunikasjon og samarbeid med pårørande
- Rettleiing og oppfølging av nytilsette og studentar
- Bruk av velferdsteknologi
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Godkjent politiattest
- Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere tydeleg og respektfullt
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Du er open for endring og utvikling
- Grunnleggande digital kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstilling
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466436432
- Sist endret

