Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Bioingeniør /Avdelingsingeniør

Helse Bergen HF

  • Frist 30.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Bioingeniør/Avdelingsingeniør

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.

Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.

Ved avdelinga er det no ledig ein fast grunnstilling som bioingeniør/avdelingsingeniør. Stillinga er knytt opp mot Seksjon for immunologi. Stillinga er ei dagstilling med 37.5 timar pr. veke.

Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Hovudsakeleg ha arbeidsoppgåver knytt opp til dagleg analytisk drift
  • På seksjonen vil ein hovudsakleg arbeide med proteinbaserte analysar som m.a. ELISA, immunfluorescens, neflometri, multiplex immunoassay, elektroferese og noko nukleinsyrebaserte analysar
  • Medansvar for instrument og vedlikehald av apparatur
  • Vera ein pådrivar i analysearbeidet og tilhøyrande oppgåver
  • Bidra i opplæring av medarbeidarar og studentar
  • Bidra til vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar
  • Oppgåver knytta til kvalitetsarbeid og akkreditering
  • Andre oppgåver kan tilkome stillinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør/minst bachelor innan molykylærbiologi og eller anna relevant laboratoriefagleg utdanning. Bioingeniør vil bli føretrekt
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Det er en fordel med bred erfaring frå Immunologiske analysar og metodar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du har god evne til kommunikasjon, både skrifteleg og munnleg
  • Du har evne og ønskje om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
  • Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og liker varierte arbeidsoppgåver
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er systematisk og ryddig og har evne til raskt å setje deg inn i problemstillingar
  • Du tar initiativ og hjelper andre om det skulle være nødvendig
  • Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og avdelinga for øvrig
  • Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsmedviten
  • Kunna arbeide etter avdelingas kvalitetsmål

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode opplæringsprogram
  • Faglege utfordringar
  • Varierte oppgåver
  • Eit triveleg arbeidsmiljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Elektroforese
  • Enzymkoblet immunadsorberende analyse
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Immunoassay
  • Proteinanalyse
  • Ta blodprøver
  • Vedlikehold av utstyr
  • Vedlikeholde utstyr

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Bioingeniør
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Bioingeniør, Avdelingsingeniør, molykylærbiologi

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Siri Brønlund
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar Seksjon for immunologi
Send melding
  • Bli kjent med Helse Bergen HF
  • Flere stillinger fra Helse Bergen HF

2762 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 466368647
    • Sist endret 8.6.2026, 17:23
    Rapporter annonse