Miljøarbeidar/miljørettleiar med teiknspråkkompetanse
Vestland fylkeskommune
- Frist 22.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidar/miljørettleiar med teiknspråkkompetanse
Knarvik vidaregåande skule ligg sentralt plassert i Knarvik og er ein mangfaldig og framtidsretta skule med om lag 900 elevar og 170 tilsette, fordelte på to skulebygg. Skulen tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering og påbygg. Innan yrkesfaga har vi fem utdanningsprogram i tett samarbeid med næringslivet i regionen, og innan fire av desse tilboda gir vi også 4-årig TAF-utdanning. I tillegg har skulen vaksenopplæring, innføringsklasse og tilrettelagt opplæring.
Vår visjon er læring og vekst for alle, og i utviklingsarbeidet vårt har vi særleg fokus på eit trygt og godt skulemiljø for elevane våre.
Vi søkjer etter ein miljøarbeidar med teiknspråkkompetanse til avdeling for tilrettelagt opplæring – arbeidslivstrening.
Avdelinga består av arbeidstreningsgrupper innan helse- og oppvekstfag samt bygg- og anleggsteknikk.
Undervisninga skjer i små grupper og skal førebu elevane til arbeidslivet gjennom praktisk arbeid kombinert med teoretisk opplæring. Målet med opplæringa er at elevane skal utvikle meistring og kompetanse for å kunne gå vidare til varig tilrettelagt arbeid i ordinære verksemder eller vekstbedrifter. Som miljøarbeidar vil du ha ei viktig rolle i å støtte elevane i læringskvardagen og bidra til inkludering, deltaking og meistring.
Intervju blir gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytte til:
- Teiknspråktolking og kommunikativ støtte for elev med teiknspråk som førstespråk i tilrettelagt opplæring
- Vere bindeledd mellom elev og pedagogisk personale i undervisning og daglege aktivitetar
- Bidra til å skape struktur, tryggleik og føreseielegheit i læringssituasjonar
- Støtte eleven i å vidareutvikle språklege og faglege ferdigheiter
- Delta aktivt i tverrfagleg teamsamarbeid kring eleven
- Bidra til planlegging og gjennomføring av tilrettelagt opplæring
- Anna elevretta arbeid etter behov
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Erfaring frå arbeid med elevar med tilrettelagt opplæring
- Ønskelig med relvant fagbrev eller anna relevant utdanning
- Dokumenter teiknspråkkompetanse
- Evne til å samarbeide tverrfagleg i team
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Søkjar må ha gode samarbeidsevner og ha fokus på relasjonsbyggjing. Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særlig vekt på ved tilsetjing. Elevane er framtida vår. Den vi tilset må ha godt lag med ungdom, vera vennleg, tydeleg og strukturert. Vi ønskjer oss ein kollega med godt humør, positiv innstilling og ønskje om å skape eit godt fagmiljø. Søkjar må ha evne til fleksibilitet.
- Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- For stillinga gjeld lønns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk. For
meir informasjon, sjå skulen si heimeside: https://www.knarvik vgs. - Stillingsprosent 90 %, lønn 80,1 % sidan stillinga følgjer skuleruta og avdelinga si møtetid.
FerdigheterAI-generert
- Tegnspråktolking
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5916 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466325460
- Sist endret

