Styrar Sæbø barnehage
Alver kommune
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Spennande leiarstilling i kommunal barnehage!
Om stillinga
For Sæbø barnehage søkjer vi etter engasjert og dyktig styrar som ønskjer å leie tilsette og barn gjennom ein spennande og læringsrik kvardag. Som styrar vil du ha hovudansvaret for barnehagen sin daglege drift, personalutvikling, pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen. Stillinga er 100% fast.
Vi ser etter ein person som er strukturert, fagleg sterk, omsorgsfull og har eit brennande engasjement for barn si utvikling og lærelyst.
Arbeidsoppgåver
Som styrar i Sæbø barnehage har du ansvar for
- Leie og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
- Økonomistyring og resultatkontroll
- Forvaltning og kvalitetsutvikling
- Sikre godt samarbeid med foreldre
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst
- Tilretteleggje for eit trygt og godt leike- og læringsmiljø for barn, og eit helsefremjande arbeidsmiljø for tilsette
- Sikre at heile personalet i barnehagen arbeider fram mot barnehagen sine mål
- Å vere ein god rollemodell og rettleiar som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Krav til søkjarar:
- Barnehagelærarutdanning
- Erfaring frå leiiing i barnehage, fortrinnsvis som styrar
Ønska kvalifikasjonar:
- Utdanning i barnehageleiing er ønskjeleg
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innafor budsjettrammene
- Du er fagleg sterk og kan vise til gode resultat frå utviklingsarbeid/ endringsarbeid
- Evne til å tenkje heilskapeleg og å jobbe målretta
- God system- og rolleforståing
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.Vi søker deg som:
- er omsorgsfull og inkluderande i din leiingsstil.
- er ein lærande og engasjerande leiar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- er fleksibel og løysingsorientert, og held opp ditt gode humør og engasjement.
- du jobber strategisk, systematisk og langsiktig med eit heilskapeleg perspektiv på barnehagedrifta
- du er strukturert og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.
Politiattest
I tråd med barnehagelova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- mentorordning for nye styrarar
- ein spanande leiarstilling i ein av kommunen sine største barnehagar
- eit godt profesjonsfellesskap saman med tenesteleiar og styrarane i dei andre kommunale barnehagane, der ein samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre
- leiaropplæring
- ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
FerdigheterAI-generert
- Forbedre og utvikle tjenestene
- Ledelse og administrasjon, førskole
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune er ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Trygge barn i trygge vennskap, og med tru på seg sjølv og omverda er noko av det viktigaste vi ynskjer at barna skal ta med seg frå åra i våre barnehagar.
Sæbø barnehage ligg flott til i Søre Austmarka med kort veg til både skule, idrettsbane og butikk.
Vi har eit stort og fint uteområde med mellom anna eigen grillhytte. Kring barnehagen er det fine muligheter for flotte naturopplevingar då det er kort veg til turstiar og kulturlandskap.Barnehagen er er ein treavdelings barnehage, og har eit spesielt fokus på leik og læring, samspel, språk og lesing.
Dei fleste i den faste personalgruppe har opplæring i «De utrolige årene» og prinsippa i DUÅ er ein del av grunnmuren til vår pedagogiske verksemd.
Styrar i Sæbø barnehage rapporterer til tenesteleiar for barnehagar, og har eit tett samarbeid med resten av styrarkollegiet.
Her kan du finne meir om dei kommunale barnehagane i Alver, både om felles satsingar og om den einskilde barnehagen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Søre Austmarka 2, 5938 Sæbøvågen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Ledelse, Styrer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465682357
- Sist endret