Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Rådgjevar / seniorrådgjevar

Likestillingssenteret på Vestlandet

  • Frist Snarest
  • Ansettelsesform Vikariat

Likestillingssenteret på Vestlandet søker rådgjevar / seniorrådgjevar i vikariat ut 2026

Likestillingssenteret på Vestlandet jobbar med å fremje likestilling og mangfald i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Vi er ein del av stiftinga KUN (www.kun.no), og jobbar også med nasjonale og internasjonale prosjekt saman med Likestillingssenteret KUN i Steigen og Steinkjer.  

Vi er eit fagmiljø på likestilling, og jobbar med alle diskrimineringsgrunnlaga. Vi jobbar med eit variert sett av metodar som for eksempel undervisning, utvikling av rettleiarar og skriftlege ressursar, informasjons- og kommunikasjonsarbeid, foredrag og konferansar.  

Ein av våre tilsette går ut i permisjon, og vi ønsker derfor ein erstattar ut 2026. Vi ser derfor etter 1-2 medarbeidarar til å fylle eit vikariat ut 2026. Det både mogeleg med ei 100 % stilling og å dele vikariatet opp i to deltidsstillingar, så ein er velkommen til å søke både om deltid og om fulltid. Skriv gjerne ønska stillingsprosent i søknaden.  

Det er ønskeleg med snarleg oppstart, og søknadar vil bli behandla forlaupande. Vi tar imot søknadar så lenge annonsen er aktiv.   

Kvalifikasjonar:  

  • Relevant høgare utdanning på masternivå. Arbeidserfaring og realkompetanse kan kompensere for delar av utdanningskravet. 

  • Erfaring med likestillingsarbeid. Erfaring med arbeid mot rasisme og for likestilling uavhengig av etnisitet, religion, hudfarge, kultur og språk vil særleg vektleggast. 

I tillegg er det ønskeleg at du har ein eller fleire av kvalifikasjonane under:  

  • Erfaring med prosjektarbeid 

  • Erfaring med formidling eller undervisning 

  • Erfaring med arbeid med kommunikasjon som SoMe, nettsideredigering, innhaldsproduksjon og/eller promoteringsarbeid 

Stillinga vil medføre reising. For å kunne jobbe ved Likestillingssenteret på Vestlandet må du støtte verdigrunnlaget vårt for eit likestilt og rettferdig samfunn.  

Vi tilbyr  

  • Ein givande og samfunnsnyttig jobb  

  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar  

  • Mogelegheit for å ta eigne initiativ og utvikle prosjekt 

  • Konkurransedyktig lønn 

  • Gode pensjons- og forsikringsvillkår 

Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, alder, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller funksjonsevne. Personar tilhøyrande marginaliserte grupper oppfordrast særleg til å søke, då vi ser på erfaringsbasert kunnskap og mangfald på arbeidsplassen som ei styrke. Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass som tilrettelegg ved behov, slik at vi rommar eit mangfald av funksjonsevner.   

Fleire opplysningar om stillingane kan du få av senterkoordinator Ane Straume, epost ane.straume@kun.no, telefon: 93249916 

Om arbeidsgiveren

Likestillingssenteret på Vestlandet jobbar med å fremje likestilling og mangfald i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Vi er eit fagmiljø på likestilling, og jobbar med alle diskrimineringsgrunnlaga. Vi jobbar med eit variert sett av metodar som for eksempel undervisning, utvikling av rettleiarar og skriftlege ressursar, informasjons- og kommunikasjonsarbeid, foredrag og konferansar.  

Vi er ein del av stiftinga KUN, og jobbar også med nasjonale og internasjonale prosjekt saman med Likestillingssenteret KUN i Steigen og Steinkjer. Les mer om vårt arbeid på www.lspv.no.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Kong Oscars gate 66-68, 5017 Bergen
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Ideelle organisasjoner
  • Stillingsfunksjon: Kurs og opplæring
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

prosjektarbeid, formidling, likestilling, kommunikasjon

Likestillingssenteret på Vestlandet logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ane Straume
  • Stillingstittel: senterkoordinator
  • Mobil: 93 24 99 16
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Likestillingssenteret på Vestlandet
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Likestillingssenteret på Vestlandet

105 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Likestillingssenteret KUN logo

Likestillingssenteret KUN

Stiftelsen Kvinneuniversitet Nord
  • Våre prosjekterFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • Våre ansatteFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Likestillingssenteret på Vestlandet

Firmaets beliggenhet

Kong Oscars gate 66-68, 5017 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466315107
  • Sist endret 8.6.2026, 09:43
Rapporter annonse