Jobb i vakre omgjevnadar - 100% fast stilling som legespesialist
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
- Frist 10.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert legespesialist som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg kan samarbeide tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar -- og får vere med på systematisk fagutvikling
I tillegg har du;
Norsk autorisasjon som lege
Spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, nevrologi eller anna relevant spesialitet
Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte
Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid
Gode norskferdigheiter (minimum C1)
God IKT-kompetanse
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a
Arbeidsoppgaver
-
Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
-
Medisinske vurderingar og journalføring
-
Undervisning og rettleiing
-
Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
-
Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar
Vi tilbyr
-
Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid
-
God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar
-
Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking
-
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
-
Hjelp til bustad og gode velferdstilbod
-
Ein jobb med meining -- i naturskjønne omgjevnader
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466015300
- Sist endret

