Kommersiell direktør
Fjord1
- Frist 19.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommersiell direktør - Fjord1
Fjord1 har solide vekstambisjonar og har ei nyetablert kommersiell avdeling for å spisse arbeidet mot marknad og anbod. Kommersiell avdeling er ansvarleg for å utvikle, vedlikehalde og gjennomføre selskapets forretningsplan. Avdelinga skal kartlegge og overvake det norske og relevante internasjonale marknadar, utgreie og gjennomføre tiltak som styrker selskapet sine posisjoner og sørge for levering av tilbod i anbodskonkurransar. Noverande leiar for avdelinga går over i ei anna sentral rolle i selskapet, og vi søker derfor etter hennar etterfylgjar.
Som kommersiell direktør jobbar du strategisk og i tett samarbeid med dei andre avdelingane for å skape resultat. Vi ser etter ein leiar med sterk gjennomføringskraft, med dokumenterte resultat frå forretningsutvikling. Du har erfaring frå kunnskapsintensive verksemder, god samfunnsinnsikt og evne til å bygge nettverk både i bransjen og opp mot myndigheiter.
Som leiar vert du motivert av å skape resultat saman med andre og innehar sterk kremmarånd. Du skal som kommersiell direktør, leie og utvikle kommersiell avdeling, bidra aktivt i selskapsleiinga og være med å utvikle selskapet.
Vi søkjer deg som har økonomisk eller anna relevant, høgare utdanning. Du har erfaring frå kommersielt arbeid, gjerne innan maritim næring eller opp mot det offentlege. Me trur det er ein fordel å ha god innsikt i rammevilkår for offentlege innkjøp og relevant erfaring frå anbodsarbeid. Du har solide kommunikasjonsferdigheiter i norsk og engelsk.
Vi tilbyr ei sentral og utfordrande rolle i Norges leiande ferjerederi. Kommersiell avdeling er ei sentral brikke i å oppnå selskapets vekstambisjonar og som kommersiell direktør vil du få ei unik moglegheit til å forme dette arbeidet opp mot både leiing, styre og eigarar i selskapet og du vil verte ein sentral del av selskapets toppleiing.
Fjord1 har hovedkontor i Florø, og avdelingskontor i Bergen og Molde.
Har du spørsmål til stillinga, er du velkommen til å ta kontakt med vår rådgivar Headvisor; Morten G. Aggvin (410 71 125) eller søke gjennom www.headvisor.no innan 19. juli.
Alle spørsmål til våre rådgivarar behandlast fortruleg inntil anna er avtalt.
Ferdigheter
- Handelsutdanning
- Markedsanalyse
- Offentlige anskaffelser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport og er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Selskapet har og aktivitet knytt til hurtigbåt, i tillegg til vårt eige cateringkonsept Ferdamat. Vi har som mål å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg og påliteleg transport til kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar. Fjord1 investerer også i lav- og nullutsleppsteknologi, og vi satsar på elektrifisering av det norske fjordsambandet. Samtidig tar vi på alvor det viktige ansvaret vi har som leverandør av kritisk infrastruktur til Kyst-Noreg.
Selskapet opererer ein flåte beståande av 77 fartøy, har 1200 tilsette og omsette i 2025 for 3,9 mrd. kr. Fjord1 er eigd av DIF Capital Partners, EDF Invest og KLP. Eigardelen er fordelt ved at DIF Capital Partners eig 40,05 prosent av aksjane, EDF Invest eig 40,05 prosent, og KLP eig resterande 19,90 prosent av aksjane
- Sektor: Privat
- Sted: Strandvegen 15, 6905 Florø
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: C-nivå-leder, Forretningsutvikling og strategi, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kommersiell direktør, forretningsutvikling, anbudsarbeid, markedsanalyse, maritim næring
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466002667
- Sist endret



