Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i Fjord kommune
Oppvekst og kultur Fjord kommune, Valldal skule - Fjord kommune
- Frist 19.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord kommune har ledige stillingar i SFO på Valldal skule som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har ledig inntil to (2), 100% stillingar der den eine er fast. Oppstart 01.08.2026 - 31.07.2027 (vikariat).
Har du lyst til å prøve ut noko nytt i ein periode eller er på jakt etter noko fast kan du sende inn ein søknad. Det kan vere at du er interessert i ei utdanning som er retta mot barn og unge, men er usikker på om det passar for deg. Da er dette sjansen til å prøve seg.
Stillingane er dels i SFO og dels i skulen.
- Valldal skule
- 100% fast stilling på Valldal skule/SFO
- inntil eit 100% årsvikariat på Valldal skule/SFO
Vil du lese meir om Valldal skule kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Oppfølging av enkeltelevar og grupper
- Leksehjelp
- Det kan vere tider der du får ansvar til å følgje opp barn og elev-/ar med særskilte behov.
- Samarbeide med pedagogisk personale
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
- Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, visar initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre.Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Lønn i samsvar med avtaleverk
- Gode pensjonsordningar i KLP - 2 % egeninnskudd og ca. 15% frå arbeidsgjevar
Kontaktinformasjon
Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841Arbeidsstad
Skulebrauta 486210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5140598081
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465988005
- Sist endret
