Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Osterøy

Helgestilling i nattenesta

Osterøy kommune

  • Frist 26.6.2026
  • Ansettelsesform Fast
Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3-4 grupper med 9-10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald. Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til.


Arbeidsoppgåver
  • Heilskapleg omsorg og pleie 
  • Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov 
  • Målretta miljøarbeid ved behov 
  • Praktiske oppgåver i avdelingane 
  • Dokumentasjon og rapportering

Kvalifikasjonskrav
  • Fagbrev som helsefagarbeidar med autorisasjon 
  • Assistentar med erfaring kan kompensere for krav om fagbrev.
  • Erfaring frå omsorgsarbeid, helsefag eller liknande er ein fordel 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Søkjarar frå utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk munnleg og skriftleg gjennom bestått prøve i nivå B2.  
  • Politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved tiltreding i stillinga

Vi tilbyr
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
  • Lønn etter tariffavtale
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465920927
  • Sist endret 5.6.2026, 10:37
Rapporter annonse