Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stord

Er du klar for ein knallkjekk kvardag med folk, fart og fag?

Merkantile tjenester somatikk Stord sjukehus

  • Frist 19.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Då kan dette vere jobben for deg.
Som ein av oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser etter deg som har godt humør, er imøtekomande – og som trivs med å gjera kvardagen litt lettare for både pasientar og kollegaer.

Vi har ledig 1-års 100 % vikariat i merkantile tenester -  med oppgåver knytt til resepsjon og timekontor ved medisinsk poliklinikk. 

Hos oss blir du ein del av eit godt kollegafellesskap i merkantile tenester i Klinikk Somatikk Stord. Merkantile tjenester er ein viktig del av pasientforløpa, og vi har ansvar for kontoroppgåver i medisinsk og kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, rehabilitering og akuttmottak.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du sender inn ein søknad – vi ser fram til å høyre frå deg!

 Om det blir fleire ledige vikariat etter søknadsfristen, vil vi bruke søkjarmassen som føreligg.


Kva går jobben ut på?

Arbeidskvardagen din vil bestå av varierte oppgåver, som å planleggje timeoppsett, følgje opp ventelister og pakkeforløp, bestille blodprøvar og svare på henvendingar.

Du vil mellom ana:

  • Veksle mellom resepsjon og timekontor i medisinsk poliklinikk
  • Ha hovudansvar for eit fagområde, men òg bistå på tvers ved behov
  • Følgje opp rapportar, lister og arbeidsgrupper i journalsystemet DIPS
  • Utføre ekspedisjonsarbeid

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Det er ein fordel med utdanning som helsesekretær med autorisasjon, medisinsk sekretær eller anna helsefaglig utdanning
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus vert vektlagt, men er ikkje avgjerande då opplæring vil bli gitt
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter ein kollega som:

  • Trivst med å ta ansvar
  • Er sjølvstendig, men men likar å samarbeide med kollegaer
  • Tek initiativ, jobbar strukturert og er ein påliteleg kollega som følgjer opp det du lovar
  • Når det er travelt, ser du heilskapen og finn gode løysingar saman med kollega
  • Er utadvent, har godt humør og er raus i møte med både pasienter og kollegaer
  • Har interesse for digitale system og er ein pådrivar for nye digitale løysingar
  • Har du nokre år i klinisk arbeid, men ynskjer å jobbe kontorfaglig kan du vere rette kandidaten for oss!

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • god opplæring i datasystem og arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga
  • ein spennande og utfordrande jobb i eit godt fagmiljø
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • faglig utvikling gjennom digitale kompetanseplanar, fagdagar og kurs.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476

Siw Kristin Vad Haraldsen, Konstituert funksjonsleiar, +47 45423946, siw.kristin.vad.haraldsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 5139916190

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Sluttdato: 01.07.2027

Søknadsfrist: 19.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Tysevegen 64, 5416 Stord

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465787062
  • Sist endret 3.6.2026, 07:51
Rapporter annonse