Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Molde

Rettleiar for LIS1

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

  • Frist 21.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Rettleiar for LIS1

Er du allmennlege og ønskjer å bidra til å utvikle nye legar?


Vi søkjer ein engasjert lege til ei bistilling som rettleiar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta på Sunnmøre i Ålesundsregionen.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ei ledig bistilling (17 %) som rettleiar for LIS1-legar. Du blir ein del av eit fagleg sterkt team som arbeider for god opplæring og høg kvalitet i LIS1-tenesta i fylket.

Vi har til saman fire bistillingar som LIS1-rettleiarar. Éi av desse er no ledig.

Om stillinga

Som rettleiar skal du:

  • halde rettleiingssamlingar for LIS1-legar i gruppe
  • gi individuell rettleiing ved behov
  • gi tilbakemeldingar til Statsforvaltaren om kvaliteten på praksisplassane


Rettleiinga skjer i regionale grupper i fylket.

Kvalifikasjonar
  • Spesialist i allmennmedisin
  • God evne til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk
  • Erfaring frå offentleg helsearbeid er ein fordel

Kvifor søkje?
  • Du får dele erfaring og fagkunnskap
  • Du er med på å utvikle framtidas legar
  • Du bidreg til betre rekruttering til regionen

Hos oss får du
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • årsløn i 100% stilling som seniorrådgivar (kode 1364) kr.850.000,-
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.

Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).


Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.

Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.

Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».


Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.

Søknadsfrist: 21. juni 2026



Ferdigheter
AI-generert

  • Allmennmedisin
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, 6412 Molde
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Lege
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Karin Brigitte Müller Mikaelsen
  • Mobil: 41 49 53 51
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Flere stillinger fra Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

93 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, 6412 Molde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465783119
  • Sist endret 3.6.2026, 02:35
Rapporter annonse