Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Molde
Bilde fra arbeidsgiver

Rådgiver økonomistyring

Helse Møre og Romsdal HF

  • Frist 17.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Rådgiver økonomistyring

Er du ein kunnskapsrik og engasjert økonom som har lyst på ein spennande jobb med mange utviklingsmoglegheiter?
Om du er nyutdanna eller erfaren, kan du vere akkurat den vi ser etter.

Helse Møre og Romsdal er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med eit driftsbudsjett på om lag 10 milliardar kroner. Økonomiavdelinga har eit sterkt og godt fagmiljø med rundt 50 tilsette, og er eitt av dei største økonomimiljøa i fylket. Fleire i avdelinga har brei erfaring med helseøkonomi, kombinert med verdifull kompetanse frå privat næringsliv. Vi er organiserte i fire seksjonar med ansvar for lønn og rekneskap, innkjøp og logistikk, analyse og økonomistyring.

Vi er no på jakt etter å styrke seksjon for økonomistyring som per i dag har 10 tilsette. Dei har hovudansvar for budsjettering, rapportering og økonomistyring, og jobber tett saman i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, samt tett på leiarar i foretaket.

Det er ein fordel om du har erfaring med økonomistyring i større komplekse organisasjoner, og gjerne også erfaring som controller slik at du kan bidra til å utvikle seksjonen. Som rådgiver i økonomistyring er du ein sentral ressurs for leiinga av ein klinikk, både i oppfølgingen av dagleg drift, men også når det gjeld viktige strategiske beslutningar og retningsvalg for klinikken og foretaket. I tillegg vil du få ansvar for andre tverrgåande og overordna økonomioppgåver – dette vil vi tilpasse etter kva slags kompetanse du allerede har eller kva slags interesser og utfordringer du sjølv jaktar på.
Økonomiavdelinga har tilsette både i Molde og Ålesund og arbeidsstad kan vere begge stader. Du må påregne noko reising internt i fylket i denne jobben. Vi oppmodar nyutdanna med mastergrad til å søke.


Arbeidsoppgåver

  • Leiarstøtte og rådgivning på økonomiområdet
  • Budsjett- rapportering og prognosearbeid
  • Utarbeide månedsrapporter og presentasjonar
  • Utarbeide beslutningsgrunnlag og analyser
  • Bidra til kompetanseutvikling av leiarar innanfor økonomiområdet
  • Andre controller oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Du har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system
  • Gode excelkunnskaper er ei forutsetning.
  • Det er ønskeleg at du har erfaring med økonomioppfølging og økonomistyring
  • Du har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er analytisk, strukturert og ryddig
  • Du er nøyaktig og opptatt av å levere kvalitet
  • Du evner å jobbe både i team og sjølvstendig
  • Du utfordrar og opptrer støttande på same tid
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Å vere personleg egna vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Gode mogleheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ein jobb som gir meining og bidreg til å skape verdi i samfunnet
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ferdigheter
AI-generert

  • Analysere data
  • Budsjettarbeid
  • Controlling-metoder
  • Månedlige rapporter
  • Microsoft Excel
  • Norsk
  • Økonomistyring
  • Prognose

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Julsundvegen 47B, 6412 Molde
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Regnskap
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Rådgiver økonomistyring, Regnskap, controller

Helse Møre og Romsdal HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Eivind Monsås
  • Stillingstittel: Økonomisjef
  • Mobil: 99 50 45 75
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Møre og Romsdal HF
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Helse Møre og Romsdal HF

278 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Møre Og Romsdal Hf logo

Helse Møre Og Romsdal Hf

På lag med deg for helsa di!
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Julsundvegen 47B, 6412 Molde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465252923
  • Sist endret 29.5.2026, 09:02
Rapporter annonse