Rådgivar/ seniorrådgivar
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 21.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar/seniorrådgivar
Saksbehandlar ved seksjon for sosial og familie
Seksjon for sosial og familie har eit breitt samansett, engasjert og kompetent fagmiljø med juridisk og sosialfagleg kompetanse. No søkjer vi ein ny medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet vårt med klagebehandling, tilsyn og rettleiing. Hos oss får du jobbe med viktige samfunnsoppgåver som har stor betydning for rettstryggleiken - og du blir del av ein arbeidsplass med høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
I denne stillinga får du ein sentral rolle i vårt arbeid med å sikre rettstryggleiken på sosialområdet. Du vil arbeide med behandling av klagesaker, tilsynssaker og utviklingsoppgåver.
Du får altså
* arbeide med klagesaksbehandling og tilsyn etter sosialtjenestelova
* gi rettleiing til mellom anna Nav-kontora i fylket
* bidra inn i utviklingsoppgåver ved behov
Andre oppgåver enn dei som er omtalt ovanfor kan og bli tillagt deg.
Kvalifikasjoner
* minimum bachelor frå høgskule- eller universitetsutdanning innan sosialfag eller relevante juridiske fag.
* relevant erfaring frå den kommunale delen av Nav. Alternativt kan saksbehandlererfaring frå Namsmannen være relevant.
* eit godt og klart norsk språk når du skriv og snakkar.
Vi vektlegg dine personlege eigenskapar spesielt. Du
* trivst med å arbeide sjølvstendig og saman med andre
* er fleksibel og handterer endringar i oppgåver på en god måte
* er strukturert, effektiv og evner å prioritere kva som er viktig
* har samfunnsengasjement
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik
- stor moglegheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver
- tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- løn som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) med lønsspenn frå kr.550.000,- til kr.800.000,- . Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Utviklinga av organisasjonen vår er i kontinuerleg utvikling. Den som vert tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ann Lilly Inderhaug Orvik på telefon (Norge +47) 95921410.
Søknadsfrist: 21. juni 2026
FerdigheterAI-generert
- God kjennskap til juss
- Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven)
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, 6412 Molde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Saksbehandler, Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465783118
- Sist endret


