Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Gulen
Fristen er utløpt

Pedagogisk leiar, i inntil 100% vikariat

Gulen kommune

  • Frist 15.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat
Om stillinga

Vil du vere med og skape ein trygg, god og inspirerande kvardag for barnehagebarn? 

Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Hovden barnehage, søkjer etter i inntil 100% vikar som pedagogisk leiar frå snarleg/etter avtale til 31.12.2026. 

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Klikk deg inn her for å sjå meir om barnehagen i Hovden. 


Barnehagane i Gulen har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar 
  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta

Kvalifikasjonar 
  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med barna
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465586306
  • Sist endret 1.6.2026, 12:54
Rapporter annonse