Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Gloppen

Krafthandlar

SFE

  • Frist 2026-06-28
  • Ansettelsesform Fast

Krafthandlar

For å kutte i fossile utslepp og nå klimamåla, er Noreg – og verda – avhengige av meir fornybar energi. Som eitt av dei største kraftselskapa på Vestlandet er SFE ein aktiv aktør i denne omstillinga. Vi produserer fornybar energi kvar dag – og utviklar ny kraft for framtida. Samtidig jobbar vi kontinuerleg for å skape mest mogleg verdi av produksjonen gjennom god drift, riktige investeringar og presis marknadsagering.


For tre år sidan etablerte vi vår eigen produksjonssentral på Sandane. Sentralen har i dag to hovudfunksjonar; styring og overvaking av kraftverka våre, og handel i dei fysiske kraftmarknadene.

Fysisk krafthandel flyttar vi no ut i marknadsteamet, og i den samanhengen søkjer vi etter inntil tre Krafthandlarar.


Dette er ei operativ rolle for deg som ønskjer å jobbe tett på kraftmarknaden og vere del av avgjerdene som påverkar verdien av produksjonen frå time til time. Stillinga passar både for deg med relevant erfaring, og for deg som er nyutdanna og har sterk interesse for marknad, analyse og verdiskaping.


Ein kvardag tett på marknaden – og tett på verdiskaping

Som Krafthandlar arbeider du med marknadsagering og budgiving i dei kortsiktige fysiske kraftmarknadene, og bidreg til at SFE opptrer effektivt, kommersielt og i tråd med interne og eksterne regelverk. Du følgjer marknadsutviklinga tett, vurderer prisar og risiko, og gjer løpande vurderingar av produksjonsmoglegheiter i samspel med gjeldande strategi og fullmakter. Arbeidet krev gode analytiske evner, struktur i vurderingane og tryggleik i beslutningar som vert tekne under tidspress.


Stillinga inneber turnusarbeid med dag-, kveld- og helgearbeid, samt bakvakt på natt. Du jobbar tett saman med andre marknadsressursar, og i grensesnitt mot fagmiljø innan drift, system og analyse.


Kven trur vi du er?

Vi ser etter deg som er analytisk, strukturert og har tydeleg kommersiell teft. Du trivst med å jobbe tett på marknad og pris, og har interesse for samanhengen mellom kraftproduksjon, marknad og økonomisk verdiskaping. Du har høgare utdanning innan økonomiske eller tekniske fag, til dømes økonomi, finans, industriell økonomi, energi, elkraft eller tilsvarande. Nyutdanna oppmodast til å søkje.


Du har god systemforståing og likar å jobbe med data og digitale verktøy. Som person er du ansvarsbevisst, evnar å dokumentere vurderingane dine godt, og handterer krevjande situasjonar på ein strukturert og roleg måte.


Difor skal du velje oss!

Hos oss får du ein variert og meiningsfull kvardag der arbeidet ditt har direkte betydning for verdiskapinga i selskapet. Som Krafthandlar i SFE får du ein spennande og variert arbeidskvardag. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid.


Våre tilsette trivst svært godt på jobb – det får vi tydeleg bekrefta i medarbeidarundersøkingane våre. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje – spesielt nyutdanna. Verdiane våre – Stolt, Frisk og Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.


Arbeidsstad er Sandane.


Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.


Har du spørsmål kan du kontakte Bengt J. Haugnes, mobil 91808917.


Ferdigheter
AI-generert

  • Analysere data
  • Finans og forsikring
  • Handel med elektrisitet
  • Industriell teknologi
  • Kraftmarkedet
  • Markedsanalyse
  • Sektor: Privat
  • Antall stillinger: 3
  • Sted: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane, 6823 Sandane
  • Bransje: Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Annet

Nøkkelord

Krafthandel, Nyutdannet, Industriell økonomi, Elkraft, Fysisk kraftmarked

  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
SFE logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Bengt Haugnes
  • Stillingstittel: Leiar Energi & Marknad
  • Mobil: 91 80 89 17
Send SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra SFE

40 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane, 6823 Sandane

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465292932
  • Sist endret 29.5.2026, 16:16
Rapporter annonse