Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Kristiansund
Bilde fra arbeidsgiver

Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal HF

  • Frist 12.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Psykologspesialist/psykolog

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?
Vi søkjer psykologar og psykologspesialistar som ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø og eit inkluderande arbeidsfellesskap. Hos oss får du både faglege utfordringar og eit sosialt miljø der tilsette tek initiativ til felles aktivitetar og trivsel i kvardagen. Vi tilbyr rekrutteringstillegg for både psykologar og psykologspesialistar, og faglege satsingsområde ut frå dine interesser og kompetanse. Vi har eit aktivt fagleg og sosialt forum for tilsette i starten av arbeidslivet, der du får støtte, erfaringsutveksling og eit godt fellesskap i overgangen til rolla som behandlar

Vi søkjer etter ei fast stilling og eit vikariat med varigheit fram til 31.12.28.

Poliklinikken har 54,5 stillingar der 13,5 er psykologspesialiststillingar. Vi er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling for personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga skjer gjennom individuelle samtalar, gruppeterapi og medikamentell behandling. Vi har kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, MBT, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Vi har i tillegg to psykomotoriske fysioterapeutar. Det har den siste tida vore mykje engasjement rundt etablering av nye grupper og kurstilbod.

Vi ønskjer å vidareutvikle kompetansen og satse på våre tilsette innan fleire fagområde, og satsar spesielt på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av samansette rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du ikkje erfaring innan desse områda, legg vi til rette for kompetanseheving. Vi er også opne for kompetanse innan andre relevante delar av psykisk helsevern.

Verksemda er organisert i ulike team. Vi har tre allmennpsykiatriske team fordelt på to allmenn team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ROP-team, samt to ambulante akutt team: FACT og ambulant akutt team. Sidan vi er i endring, er det mogleg å diskutere teamtilknyting ved tilsetting. Vi er ein poliklinikk i utvikling, og du vil få store moglegheiter til å vere med og forme framtida for poliklinisk behandling i Kristiansund.

Ta kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering av pasientar
  • Behandling av pasientar individuelt og i gruppe
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter og pasientdrøftingar
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Rettleie internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Psykologspesialist
  • Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje, då det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering.
  • Viss det ikkje er aktuelle kandidatar med norsk autorisasjon vil vi kunne vurdere psykologar med lisens.
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
  • Sertifikat klasse B (personbil)

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og målretta
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du likar å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du har engasjement for fagleg utvikling og interesse for å bidra til vidareutvikling av behandlingstilbodet i poliklinikken

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Psykologar som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderast for konstituering som spesialist
  • Det kan etter nærare avtale vurderast pendlaravtale og fleksibel arbeidstids-/tilstadeveringsordning for psykologspesialistar, innafor poliklinikken sitt behov.
  • Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
  • Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
  • Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
  • Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
  • For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering innan normert tid
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her finnes et bredt spekter av ulike aktivitetstilbud, blant annet er det gode miljø innenfor klatring, friluftsliv, friidrett, svømming og skøyter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om byen vår her.

Ferdigheter
AI-generert

  • Anvende psykologiske intervensjonsstrategier
  • Klinisk psykologi

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Hagan 9, 6516 Kristiansund N
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Psykolog
  • Arbeidsspråk: Norsk
  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
Helse Møre og Romsdal HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jørgen Lægreid
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 92 84 90 56
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Helse Møre og Romsdal HF
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Helse Møre og Romsdal HF

278 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Møre Og Romsdal Hf logo

Helse Møre Og Romsdal Hf

På lag med deg for helsa di!
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Hagan 9, 6516 Kristiansund N

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465286360
  • Sist endret 29.5.2026, 15:05
Rapporter annonse