Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Vi søker seniorrådgjevar/prosjektøkonom

Universitetet i Bergen

  • Frist 14.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du bidra til UiBs satsing på ekstern finansiering?

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Vil du bidra til UiBs satsing på ekstern finansiering?

UiB satsar på å auke eksternfinansierte prosjekt (ca. 1,3 mrd. kr). Som seniorrådgjevar/prosjektøkonom blir du ein del av Seksjon for prosjektøkonomi (10 medarbeidarar). Stillinga er i hovudsak operativt prosjektøkonomiarbeid, men du vil i tillegg ha ei sentral rolle i utviklinga av prosjektøkonomifunksjonen på UiB. I dette inneber å leggje til rette for fagleg samordning på tvers av einingar, bidra til kvalitet, samt digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar.

Du vil samarbeide tett med forskarar og administrasjon, og følgje forskingsprosjekt frå søknad til avslutning. Rolla gir innsikt i forsking på høgt nivå, både nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver:

  • Budsjettering og oppfølging/analyse av prosjektbudsjett og rekneskap
  • Søking, oppretting, oppfølging og avslutning av prosjekter i Unit4
  • Rapportering til leiing, prosjektleiar, eksterne og andre
  • Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål
  • Gjennomføre internkontrollar og revisjonar
  • Opplæring av prosjektleiarar, økonomar og rådgjevarar
  • Bidra til samordning og samarbeid mellom prosjektøkonomar som leverer operative prosjektøkonomitenester
  • Bidra til utvikling og standardisering av praksis innan prosjektøkonomi  

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon på masternivå. Lang, relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med økonomioppfølging og prosjektøkonomi i UH-sektoren (minimum 5 år)
  • Evne til å forstå komplekse regelverk
  • God kjennskap til eksternfinansierte forskingsprosjekt, særleg EU og Norges forskingsråd
  • Svært gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Solid regnskaps- og tallforståing
  • God digital kompetanse
  • Erfaring med bruk av Unit4 eller tilsvarande ERP-system

Eigenskapar:

  • Motivasjon for økonomi og administrasjon i forskingsprosjekt
  • Gode koordineringseigenskapar
  • Serviceinnstilt, initiativrik og samarbeidsorientert
  • God formidlingsevne og trygg i opplæringsrollen
  • Sjølvstendig og strukturert, med evne til å handtere mange oppgåver samtidig
  • Evne til å ta fagleg ansvar og bidra til samarbeid og samordning på tvers av miljø

Karrieremoglegheiter:

Hos UiB får du gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. Vi tilbyr:

  • Kompetanseutvikling og kurs gjennom UiBs interne opplæringsprogram
  • Karrierevegarinnan økonomi, prosjektleiingog forskingsadministrasjon
  • Eit stort fagleg nettverk på tvers av avdelingar og samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar
  • Intern mobilitet i ein organisasjon med mangespennandestillingar
  • Stillinga gir moglegheit til å utvikle ei fagleg rolle med ansvar for praksis og kvalitet innan prosjektøkonomi på institusjonsnivå

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr 750 000-850 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Kari Eidsheim på telefon 41 50 64 22eller via e-post:kari.eidsheim@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Ferdigheter
AI-generert

  • Agresso Accounting Software
  • Bokføring
  • Budsjettarbeid
  • Budsjettoppfølging
  • Finansiell og økonomisk rådgivning
  • Forvaltning av prosjektfinansiering
  • Internkontroll
  • Prosjektøkonomi

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering
Universitetet i Bergen logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ingen kontakperson oppgitt
  • Bli kjent med Universitetet i Bergen
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Universitetet i Bergen

1435 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465277333
  • Sist endret 29.5.2026, 13:34
Rapporter annonse