Tilrettelagd avhøyrer
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 11.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du vidareutdanning og erfaring innan tilrettelagd avhøyr? Ønskjer du å jobbe primært med desse oppgåvene i tillegg til å kunne bidra i andre saker ved behov? Då ønskjer vi gjerne å høyre frå deg!
Vi har no ledig ei fast stilling som tilrettelagd avhøyrer, der kvardagen i stor grad handlar om planlegging og gjennomføring av avhøyr på Barnehuset i Ålesund eller Kristiansund. Du vil få dyktige kollegaer frå mange fagområde, som alle jobbar for å skape ein trygg arena for dei vi er i kontakt med. Vi jobbar med komplekse saker og i mange tilfelle menneske i krise. Det er derfor eit høgt fokus på rettstryggleik og høg kvalitet i arbeidet vårt. Arbeidsoppgåvene er givande og krevjande, noko som også betyr at du må vere førebudd på å bli eksponert for mange inntrykk. Vi har særleg fokus på HMS og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø, båe på avsnittet og på tvers av einingar.
Du vil ha arbeidsstad anten i Molde, Kristiansund eller Ålesund. Du må pårekne reiseverksemd i stillinga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som trivst med å jobbe med menneske og som har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner. Du har evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og er fagleg interessert i arbeidet som skal utøvast, i tillegg til å vere ein bidragsytar i eit godt arbeidsmiljø.
I stillinga vil du samarbeide med ulike aktørar innanfor politiet og andre eksterne samarbeidsaktørar. Du trivst med å ha eit høgt tempo i ein kvardag der arbeidsoppgåvene kan endre seg ut ifrå kva saker som må ha høgast prioritet.
Dersom du i tillegg har eller ønskjer utdanning innan sekvensielle avhøyr så er det svært ønskjeleg. Vi vil leggje til rette for slik utdanning dersom du ikkje har det.
Arbeidsoppgåver
- utføre anna taktisk etterforsking ved behov
- planleggje og gjennomføre tilrettelagde avhøyr, avhøyr av særlege sårbare vaksne
- samarbeide tett med politifagleg etterforskingsleiar, påtalefagleg etterforskingsleiar og etterforskarar i saker der det skal bli gjennomført tilrettelagde avhøyr
- bidra aktivt med å utvikle og halde oppe eit robust fagmiljø innan tilrettelagde avhøyr, under dette gje og ta imot rettleiing
- vere oppdatert på gjeldande lover, forskrifter, instruksar og på vidareutvikling av avhøyrsmetodikk for tilrettelagde avhøyr og anna relevant metodikk
- bidra med kunnskapsdeling, rådsgjeving og kompetanseheving i politidistriktet innan kompetansefeltet
- ansvar for å aktivt bidra på avsnittet med kompetansen sin, initiativ og avlaste andre kollegaer når nødvendig
- ansvar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø og medarbeidarskap, og elles bidra til å vareta HMS på avsnittet og i driftseininga
- vareta heilskapstenking der det er behov for arbeid på tvers av avsnitt og driftseiningar
- kan påleggast andre oppgåver av leiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- politi(høg)skule
- gjennomført vidareutdanning i tilrettelagde avhøyr (TA) av barn ved PHS
- erfaring som TA-avhøyrer
- relevant etterforskingserfaring og kompetanse innan taktisk etterforsking
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
- vidareutdanning innan sekvensielle avhøyr (SA)/ eller påbegynt slik utdanning
- tilleggsutdanning innan fagfeltet grov vald, seksuelle overgrep eller familievald
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjonsevner
- evne til å samhandle og bygge relasjonar
- fleksibel og løysingsorientert
- trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utviklande og givande stilling for deg som vil utgjere ein forskjell i Møre og Romsdal politidistrikt
- fast stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 780 000. I tillegg vert det for tida gitt eit SA-tillegg om du har denne utdanninga.
- godtgjersle etter gjeldande ATB, belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465190308
- Sist endret



