Sjukepleiar/vernepleiar
Avdeling for rus og avhengigheit
- Frist 11.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og vidareutvikle LAR-poliklinikken på Karmøy?
LAR-poliklinikk Karmøy er ei ny eining i Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) i Helse Fonna. Her får du vere med frå ein tidleg fase og bidra til å byggje ei god, trygg og framtidsretta teneste innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Poliklinikken gir behandling til personar med ruslidingar. Målet vårt er å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod i tråd med nasjonale retningslinjer. Arbeidsoppgåvene omfattar både rehabilitering, oppfølging og utdeling av LAR-medikasjon.
Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett saman for å gi pasientane betre grunnlag for meistring, stabilitet og vidare utvikling i livet. Hos oss får du bruke faget ditt i møte med menneske som treng tryggleik, struktur og god oppfølging over tid.
Poliklinikken ligg i Kopervik. Vi arbeider berre på dagtid, og for tida kvar tredje laurdag.
👉 Vi er ein engasjert gjeng som står klar til å ta imot deg. Søk gjerne snarleg – vi vil gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Behandlingsansvar for pasientar som har rett til behandling i TSB og er i LAR-behandling.
- Legemiddelhandtering og utdeling av LAR-medikament, samt ulike prøvetakingar.
- Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus
- Greie ut og søkje pasientar inn til relevant institusjonsbehandling.
- Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold.
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane.
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer og interne/eksterne samarbeidspartnarar.
- Halde deg fagleg oppdatert, mellom anna på nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
- Førarkort for bil - klasse B.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Det er ein fordel om du har:
- Vidareutdanning innan rus, psykisk helsearbeid eller anna relevant fagområde
- MI kurs, kognitiv terapi eller anna relevant behandlingserfaring.
- Gode IKT kunnskaper.
- Erfaring med individuell behandling av ruslidingar og/eller psykiske lidingar frå poliklinikk, DPS, sjukehus eller kommunal psykisk helseteneste.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er ein trygg og lojal kollega
- viser engasjement og interesse for pasientgruppa
- jobbar godt både i team og sjølvstendig
- har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- arbeider strukturert
- handterer stress og handlar raskt når utfordrande situasjonar oppstår
- er audmjuk i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø
- Rettleiing og opplæring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monika Beate Knutsen Dybdahl, Funksjonsleiar, +47 47888141Arbeidsstad
Asaldalvegen 14250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5121624914
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465183993
- Sist endret

