Samhandlingssjef
Helse Fonna HF
- Frist 17.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Samhandlingssjef
Gode pasientforløp blir ikkje skapte innanfor éi teneste aleine. Dei blir skapte i overgangen mellom sjukehus, kommune, fastlege og andre samarbeidspartar. Helse Fonna søkjer no ein samhandlingssjef som skal vere med og vidareutvikle dette arbeidet.
Vi ser etter deg som byggjer tillit, skaper retning og omset samarbeid til gode løysingar. Dette er ei leiarrolle med tyngd, brei kontaktflate og stor moglegheit til å påverke korleis tenestene heng betre saman for pasientane i regionen
Rolla ligg i skjeringspunktet mellom strategi, drift og utvikling. Du må kunne sjå heilskapen, handtere ulike interesser og samtidig skape god framdrift i arbeid som krev samarbeid på tvers.
Vil du vite meir om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
Du vil mellom anna:
- leie og vidareutvikle samhandlingsarbeidet mellom Helse Fonna, kommunane og andre samarbeidspartar i Helsefellesskapet
- bidra til utvikling og oppfølging av samarbeidsarenaer, avtalar og prioriterte pasientforløp
- vere ein sentral rådgivar for administrerande direktør og toppleiargruppa
- leggje til rette for godt samarbeid med kommunar, fastlegar, leiarar, fagmiljø og andre relevante aktørar
- følgje opp utviklings- og forbetringsarbeid som går på tvers av tenestenivå og organisasjonsgrenser
- representere føretaket i aktuelle nettverk, møteplassar og samarbeidsforum og vere ein pådrivar i spørsmål som gjeld samhandling, overgangar og tenesteutvikling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule.
- Erfaring med strategisk utviklingsarbeid i større og komplekse organisasjonar.
- God forståing for spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og samhandlinga mellom nivå.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring med offentleg forvaltning innafor spesialishelsetenesta eller kommune er ønskelig
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som bygger tillit og evner å skape gode samarbeid. Du er strategisk og har god gjennomføringsemne.
Du klarer å stå stødig i krevjande avvegingar, og du evnar å halde retning også når interessa til ulike partar ikkje peikar same veg.
Du arbeider strukturert, får framdrift og klarer å omsette komplekse problemstillingar til tydelege prioriteringar og gode prosessar. Samstundes har du den relasjonelle tryggleiken som skal til for å samle folk rundt felles mål.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du ei rolle med stor betydning for korleis tenestene heng saman for pasientane i regionen. Du får arbeide tett på toppleiinga i viktige strategiske spørsmål, på et område der samarbeid, utvikling og gode prioriteringar betyr mykje.
Dette er stillinga for deg som vil bruke din erfaring og kompetanse til å påverke korleis tenestene heng betre saman, og som trivst med å få ulike miljø til å trekke i same retning.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Spesialhelsetjenesten
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Samhandlingssjef;, samhandling;, helseleiing;, Helsefellesskapet;, pasientforløp;
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465236572
- Sist endret


