Kyrkjeverje i Bjerkreim, vikariat 100%
Bjerkreim Sokn
- Frist 9.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Frå august 2026 er det ledig eit årsvikariat som kyrkjeverje i Bjerkreim kyrkjeleg fellesråd, Bjerkreim sokn.
Vi ser etter ein engasjert og strategisk leiar som kan leggje til rette for vekst, styrke og samhald i kyrkja, og forvalte ressursane på ein berekraftig måte.
Hva vi ser etter
-
Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig
-
Har relevant utdanning frå universitet/høgskule. Erfaring og realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning
-
Har leiarerfaring
-
Har erfaring frå arbeid med strategi, budsjett og økonomi
-
Er personleg eigna til stillinga
-
Meistrar norsk skriftleg og munnleg
-
Er medlem i Den norske kyrkja og kjenner til kyrkja sin eigenart og arbeid
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk.
Arbeidsoppgaver
-
Ansvar for stabsmøtet og å gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben
-
Utvikle tenestetilbodet og den gode servicen til kyrkja sine brukarar
-
Vere sekretær for soknerådet/fellesrådet, førebu og fylgje opp vedtak
-
Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i fellesrådet
-
Ha økonomisk og administrativt ansvar for fellesrådet si verksemd
-
Ha ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjene og gravplassane i Bjerkreim
-
Ivareta eit godt samarbeid med sokneprest gjennom dual leiing
-
Ivareta og motivere for frivillig engasjement i kyrkja
-
Vidareutvikle den gode relasjonen til Bjerkreim kommune og andre samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
-
Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga
-
Ein variert og spennande jobb
-
Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og menighetsarbeidar
-
Ordna løns- og arbeidsvilkår. Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465180552
- Sist endret
